Anatomi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anatomisk kart over mennesket Cyclopaedia, 1728

Anatomi (frå gresk: ἀνατομία anatomia, frå ἀνατέμνειν anatemnein, å skjere opp) er vitskapen om bygnaden til organismar. Til vanleg nyttar ein ordet berre om makroskopisk anatomi, det vil seie studiet av dei strukturane ein kan sjå utan mikroskop. Mikroskopisk anatomi, eller histologi , er studiet av cellar og cellevev ved hjelp av mikroskop.

Anatomien kan ein dele opp i dyreanatomi (zootomi) og planteanatomi (phytomi). Denne artikkelen vil ikkje ta for seg planteanatomi. Dyrenanatomi kan ein så dele vidare opp etter art, t.d. menneskeanatomi. Ei grein innanfor anatomien er komparativ anatomi, kor ein samanliknar artar.

Patologisk anatomi tyder skildring av sjuke organ.

Oppdeling av kroppen[endre | endre wikiteksten]

Ein kan studera kroppen etter ulike skiljeliner, med regional tilnærming eller ei systemisk tilnærming. Ved ei regional tilnærming blir kvar region av kroppen studert for seg, og alle delar av kvar region blir studert samstundes. Til dømes vil studiet av brystkassa inkludera blodkar, nervar, bein, musklar og alle andre strukturar og organ som er i brystkassa. Ved ei systemisk tilnærming blir kvart system i kroppen studert og følgt gjennom heile kroppen. Til dømes vil ein ved studiet av sirkulasjonssystemet sjå på hjartet i brystkassa og følgje blodkara ut i resten av kroppen.

Anatomiske omgrep for plassering[endre | endre wikiteksten]

Utdjupande artikkel for dette emnet er Anatomiske retningsskildringar.

Anatomiske plan

Dei anatomiske omgrepa blir nytta for å skildre korleis strukturar ligg i høve til kvarandre og heile kroppen. Orda som blir bruka kan vera litt ulike frå art til art.
Den anatomiske utgangsstillinga er utgangspunktet for posisjonane til ulike strukturar hos dyr som er symmetriske om ein midtakse. I den anatomiske utgangsstillinga er kroppen oppreist med beina saman, hendene inntil kroppen og ansiktet retta framover. Handflatene skal synast og potar/føter skal rettast framover.

Anatomiske plan[endre | endre wikiteksten]

Anatomiske plan blir nytta for å dele kroppen inn i ulike delar.
Koronarplanet er orientert loddrett (vertikalt) og delar kroppen inn i ein fremre og bakre del.
Sagittalplanet er òg orientert loddrett, men står vinkelrett på koronarplanet slik at kroppen blir delt inn i høgre og venstre halvdel. Planet som delar kroppen inn i eksakt like store halvdelar er median sagitalplan.
Transvers-, horisontal- eller aksialplanet delar kroppen inn i ein øvre og nedre del.

Retning[endre | endre wikiteksten]

Høgre og venstre (latin dexter og sinister) er sett frå dyret sjølv.
Kranialt er enden med hovud og munn, motsett er kaudalt (mot halen). I hovudet kan ein snakke om rostralt (mot nasen), men framleis er det motsette kaudalt. Omgrepet kaudalt blir nytta på menneske òg, på strukturar over bekkenet.
Dorsalt, mot ryggen og ventralt mot buken. Ryggen til virveldyr ligg på dorsalsida, men t.d. juret på ei ku er på ventralsida. Desse omgrepa vert òg nytta om andre kroppsdelar som handa der handbaken er dorsal, og tunga der tungeryggen er dorsal.
Anterior og posterior skildrar plasseringa av strukturar i høve til fremre eller bakre del av kroppen. Desse orda blir mest bruka om menneske, om andre dyr nyttar ein oftast kranial-kaudal og dorsal-ventral. Nasen ein anteriør struktur, mens ryggsøyla er ein posteriør struktur. I tillegg er nasen anterior for augene og ryggsøyla er posterior til brystbeinet. Dei norske orda fremre og bakre tydar det same.

Anatomiske omgrep for retning, nytta på ein hund.

Medial og lateral skildrar plasseringa av strukturar i høve til det mediane sagitalplan (midtlinja). Til dømes er nasen i det mediale sagitalplan. Mens augene er lateralt for nasen og medialt for øyrene. Ipsilateral tyre på same sida, kontralateral på andre sida og bilateral på båe sider.
Superior og inferior skildrar strukturar i høve til den vertikale aksen i kroppen. til dømes er hodet superiørt for skuldrene mens låret er inferiørt for lysken. Dei norske orda øvre og nedre tydar nett det same.
Proksimal og distal blir bruka for å skildre om noko er nærare eller lenger vekke frå starten på ein struktur. Til dømes armen, kor handa er distal for olbogen, mens skuldra er proksimal for olbogen. Dei norske orda indre og ytre tydar det same (evt. inst ogytst). Ordparet sentral-perifer blir òg nytta.
Overflatisk og djupt nyttar overflata på kroppen som referansepunkt. Til dømes er brystbeinet overflatisk i høve til hjartet, mens magesekken er djupt for abdominalveggen.

Retningar på lemmane[endre | endre wikiteksten]

Hos dei fleste dyr nyttar ein orda kranial og kaudal om framside/bakside på ekstremitetane i områda mellom kroppen og carpus (okle)/tarsus (handledd). Utanfor desse ledda nyttar ein ordpara dorsal/palmar framme og dorsal/plantar bak. T.d. på ein hund vil strukturar på frampoten vere dorsale på oversida og palmare på undersida. På eit menneske ligg fotryggen på dorsalsida og fotsålen på plantarsida.

Sidene på underarmar og leggar får namn etter knoklane inni, slik dei ligg i anatomisk utgangsstilling. Strukturar som ligg på tommelsida ligg mot radius og kallast radiale, tilsvarande på lillefingersida er ulnare, etter ulna. Leggbeinet tibia gjev adjektivet tibial, mens fibula gjev fibulær.

Medisin og latin[endre | endre wikiteksten]

I Noreg nyttar ein oftast latinske namn på strukturar i kroppen, av og til fornorska latin, men stadig oftare norske namn. I engelske lærebøker og ved medisinstudiene i USA nyttar ein anglofiserte versjonar av dei latinske strukturnamna. Til dømes heiter det arteria coronaria dexter på latin, den høgre koronararterien på norsk-latin, den høgre kranspulsåra på norsk og the right coronary artery på engelsk.

Visualisering av strukturar[endre | endre wikiteksten]

Ein kan visualisere dei indre strukturane i kroppen ved hjelp av ulike metodar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Anatomi
Biologi
anatomi | astrobiologi | biokjemi | bioinformatikk | botanikk | cellebiologi | evolusjonsbiologi | fysiologi | genetikk | genomikk | humanbiologi | marinbiologi | mikrobiologi | molekylærbiologi | abiogenese | paleontologi | parasittologi | taksonomi | utviklingsbiologi | zoologi | økologi