Kroppsøving

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Turnstunde in Ins (1879) av Albert Anker.
Kroppsøving med hjul ved ein skule i Berlin i 1951.
Volleyball har vore mykje brukt i kroppsøvingsfaget. Her frå ein skule i Indonesia der taparlaget gjer push-ups.

Kroppsøving eller gym er eit skulefag med vekt på fysisk fostring og idrett. I den norske offentlege skulen er dette eit gjennomgåande fag i grunnskulen og i den vidaregåande skulen. Frå hausten 2020 byrja ein ny læreplan i kroppsøving.[1]

Kroppsøving i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Dei nasjonale læreplanane i kroppsøvingsfaget har hatt ulike faglege vektleggingar opp gjennom åra. På 1960-talet inneheldt læreplanen teoretiske kunnskapsmål i relativt stort omfang, medan affektive mål/haldningsmål og psykomotoriske mål/ferdigheitsmål kom med i større grad i Mønsterplanen i 1974.[2] Mønsterplanen i 1974 var eit forsøk på å sameina historiske ”guttelinjer” og ”jentelinjer” i faget, som inntil då hadde vore skilde linjer. 1974-planen la auka vekt på behovet til elevar for fysisk aktivitet på tvers av kjønn.[3] Den neste læreplanen, Mønsterplanen i 1987, inneheldt i stor grad dei same ferdigheits- og haldningsmåla frå den tidlegare læreplanen frå 1974, men han fekk ein fastare kunnskapsstruktur, i form av såkalla kjernestoff i faget.

På 1990-talet gjekk heile det norske skulesystemet gjennom eit omfattande reformprogram. Lovverk og forskrifter, som tidlegare hadde tilhøyrt enkeltsektorar av skule- og utdanningssystemet, blei gjennomgått og samordna innanfor ei felles ramme. I 1994 blei det gjennomført ei omfattande omlegging av den vidaregåande opplæringa i skulesystemet, og det blei utvikla ein ny læreplan i kroppsøvingsfaget som felles allment fag i den vidaregåande opplæringa. I grunnskulen kom den nye læreplanen i kroppsøving i 1997. I 1997-planen i grunnskulen blei dans og friluftsliv innført som obligatoriske innhaldskomponentar. Tidlegare på 1990-talet hadde desse komponentane blitt innført i læreplanen for kroppsøving som felles allment fag i vidaregåande opplæring i 1994.

Kroppsøvingsfaga for grunnskulen og vidaregåande opplæring blei samla i ein felles plan i 2006. Læreplanen frå 2006 var mindre omfattande og detaljert enn dei tidlegare læreplanane frå 1994 og 1997, men heldt òg på tidlegare mål sentralt. I 2006-planen blei kroppsøvingsfaget for både grunnskulen og vidaregåande opplæring skildra som eit breitt samansett fysisk aktivitetsfag, der innhaldskomponentane er rørsleeleik, grunnleggjande rørsler, idrett, dans, friluftsliv og aktivitet/trening og helse. Desse komponentane blei sette i vide målperspektiv som galdt den totale livssituasjonen til elevane. Gjennom kroppsøvinga skulle dei få høve til å driva kroppslege øvingar og fysisk aktivitet på sine vilkår og etter sine føresetnader innanfor ein brei rørslekulturell kontekst.

Den nyaste læreplanen om faget seier at kroppsøving er eit sentralt fag for å stimulera til livslang rørsleglede og til ein fysisk aktiv livsstil ut frå eigne føresetnader. Faget skal bidra til at elevane lærer, sansar, opplever og skapar med kroppen. Gjennom rørsleaktivitet og naturferdsel saman med andre fremjar kroppsøving samarbeid, forståing og respekt for kvarandre. Faget skal bidra til at elevane utviklar kompetanse om trening, livsstil og helse og røyner kva eigen innsats har å seia for å oppnå mål. Innsatsen til elevane er difor ein del av kompetansen i kroppsøving. Faget skal motivera elevane til å halda ved like ein fysisk aktiv og helsefremmande livsstil etter avslutta skulegang og i framtidig arbeidsliv. Alle fag skal bidra til å realisera verdigrunnlaget for opplæringa. Kroppsøving skal bidra til å gje elevane høve til å praktisera og reflektera over samspel, medverknad, likestilling og likeverd. I kroppsøving skal elevane løysa utfordringar og oppgåver i eit mangfaldig læringsfellesskap. Faget skal òg utfordra motet deira til å tøya eigne grenser. Leik, friluftsliv, dans, symjing, idrettsaktivitetar og andre rørsleaktivitetar er ein del av den felles danninga og identitetsskapinga i samfunnet. Kroppsøving tek vare på tradisjonell rørsleaktivitet i samfunnet, men stimulerer òg til eksperimentering og kreativ utfolding i alternative rørsleformer. Kroppsøving fremjar kritisk tenking kring kroppsideal som kan påverke sjølvkjensle, helse, trening og livsstil. Uteaktivitet og naturferdsle gjev grunnlag for naturglede, respekt for naturen og miljømedvit.

Interesseorganisasjonar[endre | endre wikiteksten]

Landslaget Fysisk Fostring i Skolen (LFF) var lenge ein interesseorganisasjon som talte saka til kroppsøvinga. Bladet Kroppsøving blei gjeve ut av LFF og distribuert til skular, og var ein velbrukt kanal for å knyta forsking til praksis og halda aktuelle debattar i gang. Bladet blei vedteke nedlagt i 2015 då finansieringsordninga fall bort. I dag er det Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet som er næraste organisasjon for å vidareføra interessene kring kroppsøving.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Læreplan i kroppsøving (KRO01-05)». www.udir.no. Henta 28. januar 2020. 
  2. By, I. (2001). «Kroppsøving – et fag i utakt med rådende pedagogikk?». Kroppsøving. 1. 
  3. Gurholt, K. P. & Jenssen, R (2007). «Reformpedagogikkens innpass i kroppsøvingsfaget.». Norsk Pedagogisk Tidsskrift. 6: 447–459.