Krossøyna

Koordinatar: 60°49′23″N 04°48′48″E / 60.82306°N 4.81333°E / 60.82306; 4.81333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°49′23″N 04°48′48″E / 60.82306°N 4.81333°E / 60.82306; 4.81333

Krossøyna
øy
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Austrheim kommune
Høgaste punkt 36 moh.
Folketal 5  (2001)
Kart
Krossøyna
60°49′23″N 4°48′42″E / 60.82299°N 4.81168°E / 60.82299; 4.81168

Krossøyna er ei øy nordvest i Austrheim kommune i Vestland. Øya fekk vegsamband til Fosnøyna og fastlandet via fleire andre småøyar då Krossøyvegen stod ferdig i 1995.

Tidleg på 1300-talet er øya nemnd som eigedomen til biskopen i Bergen. I 1909 vart det bygd skulehus på øya, der barn frå fleire naboøyar òg gjekk. Skulen vart flytta til ei anna øy i 1933. Øya fekk elektrisk straum i 1957.

Folketalsutvikling:

1801[1] 1900[2] 2000[3]
24 30 5

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketeljing 1801 for Lindås prestegjeld, frå Digitalarkivet
  2. Folketeljing 1900 for Lindås herred, frå Digitalarkivet
  3. Arvid Skogseth, Austrheim i fortid og notid, bd. 3 (Austrheim kommune, 2006)
  • Arvid Skogseth, Austrheim i fortid og notid (Austrheim kommune, 2000)