Hopp til innhald

Kruševac

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kruševac
Крушевац
Utsyn over Kruševac
Utsyn over Kruševac
Utsyn over Kruševac
Byvåpenet til Kruševac
Region
Distrikt
Šumadija og vestlege Serbia
Rasina
Grunnlagd 1371
Flatevidd 854 km²
Flatevidd
  By

854 km²
Innbyggjarar[1]
  By (2022)
  Byområde

113582
53746
Tidssone UTC+01:00 (UTC)
Postnummer 37000
Retningsnummer www.krusevac.org.rs
Bilnummer
Plassering av  Kruševac
Plassering av Kruševac

Kruševac (serbisk Крушевац) er ein by og ein kommune i Serbia. I 2022 hadde sjølve byen 53 746 innbyggjarar, medan kommunen hadde 113 582. Kruševac er det administrative senteret i distriktet Rasina.

Historie og monument

[endre | endre wikiteksten]

Kruševac vart grunnlagd i 1371.[2] Det var i Kruševac at den serbiske adelsmannen Lazar, samla ein serbisk hær mot Det osmanske riket i slaget ved Kosovo i 1389. Ruinane av palasset hans er framleis synleg i dag. Her står òg ei kyrkje frå same periode med vakre rosevindauge og skulpturar av påfuglar, drakar og ørner på veggane. Fleire gamle, tyrkiske hus finst framleis i byen, mellom anna ei tyrkisk fontene og eit bad.

Det finst òg eit stort monument tileigna slaget i Kosovo (Бој на Косову, Boj na Kosovu). Som ein del av monumentet finst ein statue av den kjende serbiske diktaren og «gusle»-spelaren Filip Višnjić.

Befolkningsutvikling

[endre | endre wikiteksten]
Historiske folketal
ÅrFolketal[3]
194887 853
195394 827
1961103 190
1971118 016
1981132 972
1991138 111
2002131 368
2011128 752
2022113 582

Busetnader

[endre | endre wikiteksten]

Dei største busetnadane i kommunen er:[3]

Folketal 2002Folketal 2011Folketal 2022
Kruševac57 34758 74553 746
Mudrakovac3 3664 0593 924
Čitluk3 1543 1142 770
Malo Golovode2 3692 6042 423
Dedina2 7752 6872 380
Pakašnica1 9292 3752 071
Veliki Šiljegovac2 6822 3821 993
Pepeljevac2 1012 1751 942
Parunovac2 1792 0261 809
Jasika2 0401 7841 537

Referansar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]