Kuletong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kuletong

Ei kuletong (eller eit tenaculum) er eit kirurgisk instrument og ein type forceps. Instrumentet er samansett av ein smal og spiss krok i begge endar som er festa til eit handtak.[1] På kvar side av handtaket finst fleire hekter for å låse instrumentet.[2] Kuletonga blir i hovudsak brukt for å gripe og halde vev og blodårer under ulike kirurgiske inngrep.[1] Instrumentet blir også brukt for å stabilisere livmorhalsen og livmora ved innsetjing av spiral.[3]

Namnet kjem av di tonga ofte blei brukt til å trekke ut våpenkuler og andre prosjektil frå opne sår.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Merriam-Webster Online Dictionary > tenaculum. Vitja 5. april 2015
  2. 2,0 2,1 «kuletang». Kildenett. Sverresborg Trøndelag folkemuseum. Arkivert frå originalen 11. april 2015. Henta 5. april 2015. 
  3. Birth Control Intrauterine Devices (IUDs) Author: Omnia M Samra. Vitja 5. april 2015

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne kirurgiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.