Forceps

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Forceps i bronse frå ca. år 100.

Forceps (latin for ‘tong’) er eit handhalde, hengsla instrument som etter vektstongprinsippet bidreg til å gripe og halde gjenstandar.[1] Det kan brukast for å gripe små gjenstandar, eller for å halde fleire gjenstandar samstundes som ein bruker hendene. Instrumentet er best kjend for sin bruk i medisin. Utanfor medisin blir instrumentet ofte kalla pinsett, klype, tong, klemme eller tvinge.

Kirurgiske forceps er vanlegvis laga av haldbart karbonstål. Dette sikrar at dei kan stå imot gjenteken sterilisering i høgtempererte autoklavar. I somme høve bruker ein også dårlegare stål. Forceps for eingongsbruk er ofte laga av plast. Oppfinninga av forceps er tilknytt Stephen Hales.[2]

Forceps kan anten vere låsbar («låsetong») eller open. Desse to variantane kjem i mange spesialiserte former, avhengig av bruksområde. Ulåst forceps kan vere hengsla i den fjerne enden, då ofte kalla «pinsett», eller i midten, i likskap med ei saks. Låst forceps er nesten alltid hengsla i midten, men somme variantar er hengsla nær handtaket.

Ordet kjem av latin forca, som tydar snare eller felle.

Vevstong («ulåst»)[endre | endre wikiteksten]

Stumpnasa, ulåst forceps med serratert spiss og rifla handtak som sikrar godt grep.

Vevstonga har ikkje noko låsemekanisme og blir vanlegvis halde mellom tommelen og to eller tre fingrar, der den øvste enden kvilar på den fyrste mellomhandsmuskelen ved golvet av tommelen og peikefingeren. Fjærspenning presser handtaksendane frå einannan. Dette gjer det lettare å gripe små gjenstandar eller vev slik at ein kan manipulere dette med lett variabelt trykk. Vevstonga blir ofte brukt for å halde vev til sides når ein legg sting, for å flytte vev til sides ved eksploratorisk kirurgi, eller for å fjerne bandasjar eller draperingar utan å bruke hendene.

Forceps 1×2

«Tennene» i enden kan vere glatte, kryssrastrerte eller serraterte. Dei kjem ofte i innrettinga 1×2 (to på eine sida, og ei på hi sida), 7×7 eller 9×9. Serratert forceps blir brukt for å handsame vev; tennene yter i røynda mindre skade enn dei med glatte flater, fordi ein kan gripe vevet med mindre totaltrykk. Glatte eller kryssrastrerte forceps blir brukt for å fjerne bandasjar, sting og liknande.

Klemme («låsbar»)[endre | endre wikiteksten]

Ei beinskjeringssaks med fjærspenning

Låsbar forceps, ofte kalla ei klemme, blir brukt for å gripe og halde gjenstandar og vev. Det blir gjerne kalla ein arteriepinsett når den blir brukt for å klemme av pulsårer. Det finst også ein variant kjend som nålepinsett, som blir brukt for å lettare styre nåla når ein syr sting. Mange kjem med fingerløkker for å betre grepet (sjå bilete av moskitoklemma nedanfor). Ein grip tonga ved å setje tommelen og ringfingeren i kvart sitt hol, medan peikefingeren styrer instrumentet.

Den vanlegaste låsemekanismen er små samanlåste tenner nær fingerløkkene. Desse låsar instrumentet slik at handtaksendane heng saman. Ei lett rørsle i fingrane er alt som krevst for å frigjere tennene slik at hengsla opnar seg. Desse blir ofte brukt ved kirurgiske inngrep.

Moskitoklemme[endre | endre wikiteksten]

Moskitoklemme med låsemekanisme nær handtaket.

Moskitoklemma er ein slags arteriepinsett som ofte er laga av rustfritt stål. Den liknar på ei saks der bladet er byta ut med eit avstumpa grep. Den kjem med ein låsemekanisme, slik at den kan brukast som ei klemme. Moskitoklemma blir mellom anna brukt i industrien, men den kan også steriliserast for å brukast i kirurgiske inngrep, både i vanleg medisin og i veterinærmedisin. Klemma kan vere krum eller rett. I medisin blir den brukt for å klemme av blodårer, manipulere vev og liknande.

Andre typar[endre | endre wikiteksten]

Eit utval forceps for brokkoperasjon.
Forceps i plast er laga for eingongsbruk.
  • Magilltong – vinkla forceps som blir brukt for å styre trakealtubar gjennom strupehovudet eller naserøyret og vidare inn i matrøyret.[3] Den blir også brukt for å fjerne framandlekamar.
  • Arteriepinsett
  • Atraumatisk tong
  • Augeklemme
  • Bandasjetong
  • Beinsskjeringssaks
  • Biopsitong
  • Bulldogklemme
  • Ciliepinsett
  • Cushing-pinsett
  • DeBakey-klemme
  • Fødselstong – også kjend med namnet forceps[1]
  • Galleklemme (for fjerning av gallestein)
  • Hudklemme og knipetong
  • Hysterektomiklemme
  • Kateterklemme
  • Kuletong (el. tenaculum)
  • Mikrokirurgisk pinsett
  • Naseklemme
  • Splintpinsett
  • Steriliseringstong
  • Suturtong
  • Tanntrekketong
  • Tarmklemme
  • Thoraxtong (el. torakstong)
  • Tungehaldar (el. tungeklemme)
  • Uterustong
  • Vevstong
  • Vulsellum
  • Øyretong

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Schichtling, Ellen (13. februar 2009). «forceps». Store medisinske leksikon. Henta 4. april 2015. 
  2. Scientific American inventions and discoveries. Rodney P. Carlisle.
  3. Magill forceps in Farlex medical dictionary, citing Mosby's Medical Dictionary, 8th edition.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Forceps