Hopp til innhald

Kulturnett.no

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kulturnett.no
Type nettstadnettstad
Nettstadwww.kulturnett.no

Kulturnett.no - Kultur i Norge på Nett var den offisielle inngangen til norsk kultur på nettet fram til 1. mars 2013. Denne norske statlege nettportalen vart oppretta som eit initiativ frå Kyrkje- og kulturdepartementet for å formidle informasjon knytt til kultur, norske kulturinstitusjoner og deira samlingar på internett. Nettportalen vart etablert i 1998 og vart drive av ABM-utvikling frå 2003 til 2010. Kulturnett.no vart seinare ein integrert del av Norsk kulturråd. Kulturnett.no var eit sams vevhotell og tenestetilbydar innan arkiv, bibliotek og museum. Då Kulturnett.no vart lagt ned vart tenestene overførte til andre nettstader, mellom anna Kultursøk, Norvegiana og ei fellesløysing for Regionale kulturnett.

  • Oversikt over meir enn 10 000 profesjonelle kunstnarar, musikkgrupper, artistar og andre som utøver ei form for kunst som er norske eller som bur i Norge.
  • Informasjon om over 3 400 kulturinstitusjonar, galleri, bibliotek, museum, arkiv, konsertsalar og liknande i Norge.
  • Kalendar for kulturarrangement i hele landet.
  • Kartbasert oversikt over kulturhendingar i landet.

Kulturnettpartnarar

[endre | endre wikiteksten]

Kulturnett.no var ikkje berre ein nettportal. Det var også eit nettverk av kulturorganisasjonar og regionale partnarar som bidreg med digitalt innhald.

Regionale partnarar

[endre | endre wikiteksten]
  • Kulturnett Akershus
  • Kulturnett Hordaland
  • Kulturnett Møre og Romsdal
  • Kulturnett Sogn og Fjordane
  • Kulturnett Troms
  • Kulturnett Trøndelag
  • Kulturnett Nordland
  • Kulturnett Hedemark
  • Kulturnett Vest-Agder
  • Kulturnett Østfold

Profesjonelle partnarar

[endre | endre wikiteksten]

Kulturnett.no samarbeidde med kunstnerorganisasjonar som til dømes Kunstnernes Informasjonskontor, Norsk Musikkinformasjon, Norske dansekunstnere og Den norske forfatterforening.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]