Kumasi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kumasi
by
Marknaden i Kumasi
Land  Ghana
Region Ashanti
Areal 254 km²
Folketal 1 500 000  (2004)
Kart
Kumasi
6°42′00″N 1°37′30″W / 6.7°N 1.625°W / 6.7; -1.625
Wikimedia Commons: Kumasi

Kumasi er ein by i Ghana og administrasjonssenter for Ashanti-regionen. Han ligg 200 km nordvest for hovudtaden Accra. Byen har rundt 1,5 mill. innbyggjarar (2004), og er den nest største byen i Ghana, etter Accra. Kumasi er eit viktig handels- og kultursenter. Han har næringsmiddel-, trevare- og tekstilindustri, med kakao som ei viktig vare.[1]

Kumasi er sete for eit universitet som blei grunnlagd i 1951 og for fleire høgskular. Han er eit nasjonalt kultursenter med ashanti-museum. Nordaust for byen finst gamle ashanti-bustader som står på UNESCO si verdsarvliste. Det finst også eit militærmuseum her.[1]

Kumasi er utgangspunkt for jernbaner til Accra og hamnebyen Takoradi.[1]

Byen oppstod i 1663 som hovudstad i Ashantiriket. I 1874 blei han erobra og øydelagd av britane. Den novarande byen har oppstått etter den andre britiske okkupasjonen i 1896.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]