Ghana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Republic of Ghana

(norsk: Ghana, ghanesisk)

Det ghanesiske flagget Det ghanesiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Hail the name of Ghana»
Motto Freedom and Justice (Fridom og rettferd)
Geografisk plassering av Ghana
Offisielle språk Engelsk
Hovudstad Accra
Styresett
Republikk
John Dramani Mahama
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
238 533 km² (81.)
3,5 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
27 499 924 (48.)
115,3 /km² (73.)
Sjølvstende
  - Dato
Frå Storbritannia
6. mars 1957
Nasjonaldag 6. mars
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
113 300 mill. USD (79.)
4 900 USD (145.)
Valuta Cedi
Tidssone UTC
Telefonkode +233
Toppnivådomene .gh


Ghana er ein stat i Vest-Afrika med grense til Elfenbeinskysten i vest, Burkina Faso i nord, Togo i aust, og med kyst til Guineabukta i sør. Landet er kalla opp etter det mektige Ghanariket. Dette tidlegare riket låg nord og vest for dagens Ghana, men mange etterkomarar av medlemmene i riket bur nå i republikken Ghana.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området blei først kolonisert av Storbritannia som Gold Coast, Gullkysten, og Britisk Togoland. Då desse territoria blei slått saman og fekk sjølvstende i 1957 tok dei namnet Ghana. Det var det første vestafrikanske landet som fekk sjølvstende frå ei europeisk kolonimakt, og det først landet i Afrika etter Sudan.

Etter ei rekke statskupp blei grunnloven til landet oppheva og politiske parti forbodne i 1981. Ein ny grunnlov og fleirpartipolitikk blei innført i 1992.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Landet ligg nokre få grader nord for ekvator, og har tropisk klima. Mot Guineabukta i sør har det sandstrender som blir kryssa av elver og bekkar. Nord for kysten ligg sletter og krattland som så går over i regnskog med mange skogdekte åsar. Vidare nordover er landet savanne med låge buskar og grassletter.

Ghana er delt inn i ti regionar. Greater Accra Region, Central, Western, Eastern, Ashanti, Volta, Brong-Ahafo, Northern, Upper West og Upper East. Dei fleste av innbyggjarane i Ghana bur langs kysten og i dei to viktigaste byane Accra og Kumasi. Tamale er den tredje største byen, og ligg i Northern Region. Voltasjøen, den største menneskeskapte innsjøen i verda, ligg i store delar av austre Ghana. Sjøen er blitt danna av Akosombodemninga.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Ghana er sett saman av fleire små folkegrupper som til saman snakkar over femti ulike språk. Dei viktigaste språkgruppene er akan, der mellom anna fantiane frå kystområda og ashantiane frå litt lenger nord høyrer til, guan, som kjem frå sletteområda rundt Voltaelva, kwaspråka ewe og ga frå sør og søraust i landa, og moshi-dagomba-språka i nord. Som tidlegare britisk koloni er engelsk språket for styring og handel, og det finst fleire ghanesiske forfattarar som skriv på engelsk. Ghanesarane kan som oftast ikkje berre språket som høyrer til der dei bur, men gjerne eit, to eller fleire av dei andre språka i landet. Det mest utbreiddte språket er twi. Twi blir brukt i heile landet av omkring 90 % av befolkninga, anten som første eller andre språk. På skulen lærer ungane twi i tillegg til morsmålet. Sjølv om så mange snakkar twi så er det ikkje berre dette som blir brukt når ghanesarar som kan engelsk treffest. Då er det engelsk, som er det offisielle språket i Ghana, som blir mykje brukt. Ghanesarane fører òg samtalar der dei byter frå det eine språket til det andre.

Religion[endre | endre wikiteksten]

Kristendommen er den største religionen i landet, med rundt 63 % av folket, og dominerer særleg i sør. Islam er hovudreligionen i nord, og rundt 16 % av ghanesarane høyrer til denne religionen. Dei siste om lag 21 % av folka har ulike stammereligionar. Medlemmer av dei ulike religionane lever saman utan konfliktar.

Islam har røter i Vest-Afrika frå 800-talet, då Ghanariket og deretter Mali- og Songhairika blei påverka av dei muslimske samfunna i Nord-Afrika. Religionen kom til dei nordlege områda av dagens Ghana på 1400-talet.

På om lag same tida kom kristne portugisiske misjonærar til kystområda. Protestantisk misjonsverksemd på 1800-talet førte til at mange ghanesarar i dag er metodistar, presyterianarar eller anglikanarar.

Kjende ghanesarar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ghana