Kunstig hjarte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Teikning av eit kunstig hjarte frå SynCardia ved sidan av eit hjarte frå eit menneske
Kunstig hjarte frå produsenten Carmat.

Kunstig hjarte er ei innretning som kan erstatta eit menneskehjarte. Slike hjarte blir typisk brukte medan ein ventar på ein hjartetransplantsjon, eller som ei permanent erstatting for eit hjarte når ein hjartetransplantasjon ikkje er aktuelt.[1] Ein har gjort forsøk på å laga kunstige hjarteinnretningar sidan 1940-talet, men det første kunstige hjartet som blei sett inn i ein pasient med hell var typen Jarvik-7 frå 1982 som blei utforma av ei gruppe som omfatta Willem Johan Kolff og Robert Jarvik.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fram til 2015 hadde hjarta til 1 400 pasientar blitt bytte ut med SynCardia sitt «Total Artificial Heart (TAH)» ved kring 100 stader i Nord-Amerika, Vest-Europa, Russland, Tyrkia, Israel og Australia.[2] Denne typen kunstig hjarte blir drive av trykkluft[3] som blir ført inn i kroppen via ein slange.

Fram til andre kvartal 2020 hadde hjarta til 13 pasientar blitt bytte ut med Carmat TAH tre stader (Tsjekkia, Kasakhstan og Danmark).[4] Denne typen kunstig hjarte blir drive av elektrisitet som blir ført inn i kroppen via to elektriske ledninger.

Referensar[endre | endre wikiteksten]

  1. «What Is a Total Artificial Heart? – NHLBI, NIH». www.nhlbi.nih.gov (på engelsk). Henta 21. juni 2017. 
  2. Cook, Jason A.; Shah, Keyur B.; Quader, Mohammed A.; Cooke, Richard H.; Kasirajan, Vigneshwar; Rao, Kris K.; Smallfield, Melissa C.; Tchoukina, Inna; Tang, Daniel G. (2015-12). «The total artificial heart». Journal of Thoracic Disease 7 (12): 2172–2180. ISSN 2072-1439. PMC 4703693. PMID 26793338. doi:10.3978/j.issn.2072-1439.2015.10.70. 
  3. «UCLA Transplantation Services, Los Angeles, CA». transplants.ucla.edu. Arkivert frå originalen 2016-08-06. 
  4. «CARMAT Announces the First Implantation of Its Total Artificial Heart in Denmark», www.businesswire.com (på engelsk), 25. mai 2020, henta 24. juni 2020 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kunstig hjarte