Kunstig nedbør

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kunstig nedbør skapt av skysåing

Kunstig nedbør er nedbør som er kunstig utløyst. Dei første seriøse vitskaplege forsøka på å skape nedbør ved hjelp av skysåing vart utført i 1946, og ein klarte då å påverke skyene til å gje frå seg noko nedbør. Skysåing på stor skala har vist at det truleg ikkje går å regulere nedbøren i så stor grad at det får praktisk tyding. Ein har derimot fått til å kunstig løyse opp tåke og å hindre hagl- og torebyer ved hjelp av denne metoden.

Det er særleg skysåing som har gjeve positive resultat i å framkalle kunstig nedbør. Ved å strø tørris eller sølviodid over skyene som har temperaturar under 0 °C. Desse fungerer som kondensasjonskjerner som underkjølte vassdropar kan fryse på. Dette medverkar til at iskrystallane veks raskare enn under dei naturlege tilhøva, og når dei vert tunge nok fell dei ut som nedbør.

Utilsikta kunstig nedbør[endre | endre wikiteksten]

Forureininga, varmen og fukta kring storbyar og industrisenter kan føre til at naturleg nedbør på lesida av desse vert forsterka og ein får større nedbørsmengder her. Oppvarming nær bakken fører til stigande luftstraumar som er ein føresetnad for regnbyer. Den sterke varmen frå store brannar og vulkanutbrot kan føre til at det vert danna bygeskyer, såkalla pyrocumulus, som kan gje sterke regnskyll.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«nedbør – kunstig nedbør» i Store norske leksikon, snl.no.