Hagl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hagl på bakken.

Hagl er nedbør av ispartiklar. Dei er laga av underkjølte vassdropar som frys rundt ein kondensasjonskjerne, som eit støvfnugg eller ein annan haglpartikkel. Haglkorn kan ha ein storleik frå nokre millimeter til nokre desimeter i særskilde tilfelle. Hagl oppstår i kraftige cumulonimbusskyer, ofte i samband med torevêr langs ein kaldfront.

Haglkorna kan halda fram med å veksa til dei blir for tunge, eller til dei fell ut av luftstraumen som held dei oppe. Di lenger dei sprett rundt i den kalde lufta, di større veks dei. Superstore haglkorn blir ofte danna i varme delar av verda, fordi luftstraumane oppover er sterkare der.

Danning[endre | endre wikiteksten]

Store haglkorn.

Hagl oppstår når underkjølt vatn (flytande vatn med temperatur under frysepunktet) kjem i kontakt med kondensasjonskjernar som støv, insekt eller iskrystallar, og momentant frys til is. I skyer med store mengder underkjølte vassdropar, vil desse iskjernane veksa snøggare enn vassdropar fordi vassdampen sitt mettingstrykk over is er litt mindre enn over vatn. Når haglkorna veks seg store nok vil den latente varmen, som blir frigjeven når vatnet frys, smelte dei ytre laga av haglkorna. Dette aukar vekstprosessen fordi haglkornet no kan frysa saman med mindre haglkorn i tillegg til underkjølte vassdropar.

Det er dei stigande luftrørslene i skya som held haglkorna oppe. Haglkorna blir løfta oppover i skya av luftstraumen til dei når toppen av skya der dei vertikale luftstraumane er svakare. Haglkorna fell då nedover og blir fanga av luftstraumen igjen. Denne prosessen gjentek seg til haglkornet blir for stort til at dei stigande luftrørslene kan halda det i lufta, og haglet fell ut av skya. Om ein kuttar eit hagl i to, kan ein sjå fleire konsentriske ringar, som i ein lauk. Ut i frå desse ringane kan ein sjå kor mange gonger haglet er blitt løfta til toppen av skya før det fall til bakken. Derfor vil kraftigare luftstraumar (kraftigare torevêr) føre til større hagl. På det meste har ein registrert hagl med 25 lag. I visse tilfelle kan haglkorna òg bli slengde ut i toppen av skya, og ein har registrert fly som er blitt råka av hagl fleire kilometer unna sjølve toreskya.

Ideelle forhold[endre | endre wikiteksten]

Haglskur i mai.

Hagl oppstår gjerne i kraftige toreskyer, særleg skyer med kraftig vertikal luftstraum, mykje flytande vatn, stor vertikal utstrekking og med store vassdropar der ein god del av skya er under frysepunktet. Vekstraten er størst i temperaturar på rundt -13 °C og blir svært liten under -30 °C sidan det då vil vera svært få underkjølte vassdropar. Difor oppstår hagl oftast på midtre breidder tidleg på sommaren når overflata er varm nok til å danna kraftig torevêr, men den øvre troposfæren framleis er kald nok til å innehalda is. I tropiske strøk er hagl mindre vanleg, sjølv om det er svært vanleg med torevêr her. Dette kjem av at temperaturen her er mykje varmare i høgda. Over kontinenta kan dei kraftige luftstraumane riva med seg tørr luft inn i skya, og auka fordampingsevna. Dette fører til ei avkjøling i skya som gjer at hagl kan få betre vilkår å veksa i.

Hagl er òg meir vanleg langs fjellkjeder fordi fjella tvingar horisontal vind oppover (kjend som orografisk heving) og kan styrkja dei vertikale luftstraumane i toreskyer. Eit av områda som er kjend for å ha store hagl er det nordlege India og Bangladesh, der fleire menneske har døydd som fylgje av hagl enn nokon annan stad i verda. I tillegg er nokre av dei største haglkorna registrerte i dette området. Kina er òg kjend for kraftige haglskurer.

Konsekvensar[endre | endre wikiteksten]

Bilvindauge skada av hagl.

Hagl er kanskje den mest øydeleggande forma for nedbør. Hagl kan av og til bli så store som 15 cm og vega meir enn eit halvt kg. Hagl kan derfor føre til alvorlege skadar, særleg på bilar og tak som er laga av glas i tillegg til store jordbruksavlingar.

I sjeldne tilfelle har hagl ført til hjerneristing eller andre hovudskadar, og i verste fall dødsfall.

  • I Nord-India i 1888 skal hagl på storleik med tennisballar ha tatt livet av 250 menneske og mange husdyr.
  • I 1986 vart Kina råka av eit uvêr med haglkorn på rundt 1 kg kvar som drap 92 menneske, medan 25 menneske miste livet og fleire hundre blei skada under ei kraftig haglskur i 2002.
  • I april 1999 blei Sydney i Australia råka av ei kraftig haglskur som førte til skadar for fleire milliardar kroner. 20000 bygningar, 40000 bilar og 25 fly vart skadde, medan eitt menneske mista livet.
  • I juli 2006 blei USA ramma av den fjerde kraftigaste haglskura i USA på 50 år med hagl på storleik opp mot 6 cm.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Dette klippet frå Exeter i New Hampshire vart filma under uvêret.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hagl