Hopp til innhald

Kuressaare

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kuressaare
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Estland
Fylke Saare maakond
Areal 15,53 km²
Folketal 13 185 (1. januar 2024)[1]
Først nemnd i 1154
Kart
Kuressaare
58°15′12″N 22°29′10″E / 58.253333333333°N 22.486111111111°E / 58.253333333333; 22.486111111111
Wikimedia Commons: Kuressaare

Kuressaare (tysk Arensburg) er ein by og kommune i Estland på øya Saaremaa. Han er hovudstaden i Saare maakond og har like under 15 000 innbyggjarar.

Byen ligg ved kysten av Rigabukta og vert tent av Kuressaare lufthamn.

Kuressaare rådhus.
Kuressaare slott.

Kuressaare vart første gong nemnd i 1154 og utvikla seg rundt eit bispepalass (latinsk Arx Aquilae), som først vart nemnd i 1381. I 1559 vart han seld av bispedømet Ösel-Wiek til Danmark og han fekk byrettar. I 1645 kom han under svensk kontroll etter Brömsebro-traktaten. Kuressaare var tidlegare kjend under det tyske og svenske namnet Arensburg. Kuressaare vart brend til grunnen av russisk troppar i 1710 under den store nordiske krigen. Med freden i Nystad i 1721 kom byen under russisk kontroll. På 1700-talet var Kuressaare ein populær feriestad. Det historiske tyske namnet Arensburg vart erstatta av Kuressaare i 1918 då Estland fekk sjølvstende etter den første verdskrigen. Frå 1952 til 1988 heitte han Kingissepa etter bolsjeviken Viktor Kingissepp som var fødd i Kuressaare (må ikkje forvekslast med den russiske byen Kingisepp).

I oktober 1990 vart Kuressaare den første byen i Estland som fekk eit eige bystyre. I dag er Kuressaare ein trygg og sunn by som er open for internasjonal samarbeid og kommunikasjon.

Fotballaget i byen heiter FC Kuressaare.

Folk frå Kuressaare

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kuressaare