Kurgan i Kurgan oblast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kurgan
Курган
Kurgan i 1850-åra
Flagget til Kurgan Byvåpenet til Kurgan
Flagget til Kurgan Byvåpenet til Kurgan


Plassering
Kurgan i Kurgan oblast is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Kurgan oblast
Grunnlagd
Bystatus
1662
1782
Borgarmeister Sergey Vladimirovich Rudenko
(Сергей Владимирович Руденко)
Geografi
Flatevidd
 - By

393 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2014)
   - folketettleik

325 720
  828,8 /km²
Koordinatar 55°26′27″N 65°20′28″EKoordinatar: 55°26′27″N 65°20′28″E
Høgd over havet 75 moh
Tidssone
- Ved sommartid
YEKT(UTC+5)
YEKST (UTC+6)
Diverse annan informasjon
Postnummer 640000–640041
Retningsnummer (tlf) (+7)3522
Bilnummer 45
Nettstad: www.kurgan-city.ru

Kurgan (russisk Курга́н) er ein by og administrativt senter i Kurgan oblast i Russland. Han ligg på venstresida av elva Tobol, rundt 1973 km aust for Moskva. I 2012 hadde byen om lag 327 898 innbyggjarar.

Bynamnet kjem av ein kurgan (Tsarev Kurgan), ikkje langt frå der dei første nybyggjarane slo seg ned på 1600-talet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kurgan er eib av de eldste byane i Sibir. Han vart grunnlagt mellom 1659 og 1662 av Timofei Nevesjin, ein bonde frå Tjumen, under namnet Tsarjovo Gorodisjtsje (russisk: Царёво Городи́ще), men han vart seinare kalla Kurganskaja Sloboda (russisk: Курганская Слобода). Byen vart i dei påfølgjande åra utbygd til ei festning. Ho tente som grensepost og verna andre russiske busetnader frå åtak frå nomadar. Fleire gonger klarte ikkje Tsarjovo Gorodisjtsje å stå imot åtaka og vart plyndra og brent.

Mot slutten av 1600-talet vart busetnadane flytt åtte kilometer nedstraums Tobol. I 1710 hadde han 539 innbyggjarar. I løpet av dei neste tiåra vart festninga utbygd og bestod ved midten av 1700-talet av Gamlebyen, som var omslutta av byen sitt kreml av tre og Nybyen med bymuren, åtte bastionar og ei vollgrav og garnisonen talte rundt et tusen soldatar og 28 kanonar. Etter innlemminga av territoria i sør og flyttinga av forsvarslinjene vart ikkje Tsarjovo Gorodisjtsje lenger like strategisk viktig og i løpet av 1760-talet vart festningsverka nedbygd .

19. januar 1782 gav Katarina den store busetnaden byrettar og det namnet som byen har framleis.

På grunn av den fjerne plasseringa til byen vart Kurgan nytta som eksilby for politiske fangar av tsarane. Derfor budde her mange dekabristar. Etter den blodige knusinga av opprøret i den russisk-annekterte delen av Polen i 1863/1864 vart 93 polske patriotar forvist til Kurgan. I 1895 utgjorde politiske eksilfantar halvparten av innbyggjarane i byen på 7000.

På midten av 1800-talet vart Kurgan eit sentrum for handsaming og handel med jordbruksprodukt og gjennom tilknytinga til jernbanenettet i 1893 fekk Kurgan òg større tyding for industrien. Byen voks no raskt og hadde i 1917 40 000 innbyggjarar og rundt 60 bedrifter. Telegrafen vart oppretta i 1887, den første kinoen kom i 1910 (Progress, eksisterer framleis) og gatelys fekk byen i 1914.

I den andre verdskrigen vart fleire fabrikkar frå det vestlege Russland flytta austover og Kurgan fekk på den måten fleire bedrifter og folkesetnaden voks med over 20 000 menneske. I 1943 vart Kurgan sete for den nydanna Kurgan oblast. På 1950-talet vart det bygd store fabrikkar i byen, som pregar bybiletet enno i dag.

Økonomi og næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Av industribedrifter i byen er bussfabrikken KAvZ og ein fabrikk som produserer dei kjente infanterikjøretøya bmp-1, bmp-2 og bmp-3. Ilizarov vitskapelege senter for reparativ traumatologi og ortopedi ligg i Kurgan.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Kurgan ligg ved den transsibirske jernbanen, mellom Jekaterinburg og Omsk. Byen har to jernbanestasjonar. Kurgan lufthamn ligg 6 km nordaust for byen.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Kurgan har mange høgare utdanningsinstitusjonar, mellom anna Kurgan statlege universitet, Kurgan internasjonale universitet, eit jordbruksakademi, eit militærakademi og eit jernbaneakademi.

Kjende personar frå Kurgan[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]