Kurilane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kurilane
øygruppe
Land  Russland
Kart
Kurilane
47°0′ N 152°6′ E
Wikimedia Commons: Kuril Islands
Plasseringa til øygruppa Kurilane i den vestlege delen av Stillehavet.

Kurilane er ei øygruppe som strekkjer seg om lag 1300 kilometer frå Hokkaido i Japan mot Kamtsjatkahalvøya og skil Okhotskhavet frå det nordlege Stillehavet. Øygruppa høyrer til Russland, ligg under Sakhalin oblast, og omfattar i alt 56 øyer.

Øygruppa vart folkesett av ainufolket, og vart sidan utforska og folkesett av russarar og japanarar i det attande og nittande hundreåret. Grensa mellom dei to landa vart etablert i 1875 då Japan overtok øyene mot å avstå Sakhalin til Russland. Russland, ved Sovjetunionen, kravde øyene attende etter andre verdskrigen, men Japan fastheld eit krav på dei fire sørlegaste øyene, Kunashiri, Etorofu, Shikotan og Habomaiklippene. Desse fire vert samla kalla «dei nordlege territoria» av Japan.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kurilane er vulkanske og har over 100 vulkanar, 35 av desse er aktive. Det er hyppige jordskjelv i området.

Øygruppa Kurilane nordaust for den japanske hovudøya Hokkaido.

Øyene er kjende for skodde og dårleg sikt, men havet rundt dei er rikt på fisk. Den nest nordlegaste øya, Atlasovøya («Oyakoba» på japansk) er ein vulkan som reiser seg rett opp frå havet og er eit kjent tema i japansk haikudikting og biletkunst.

I dag bur det om lag tretti tusen russarar, ukrainarar, kviterussarar, tartarar, koreanarar og ainuar på Kurilane. Om lag halvparten av dei som bur der lever under fattigdomsgrensa. Fiske er hovudnæringsveg. Øyene har strategisk og økonomisk verdi. Den økonomiske verdien ligg særleg i fisket, men Kurilane har òg ulike mineralførekomstar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]