Hopp til innhald

Kurt Jooss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kurt Jooss

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 12. januar 1901
Wasseralfingen
Død

22. mai 1979 (78 år)
Heilbronn

Yrke koreograf, musikkpedagog, dansar, danseinstruktør
Kurt Jooss på Commons

Kurt Jooss (12. januar 190122. mai 1979) var ein tysk ballettdansar og koreograf.[1]

Kurt Jooss var fødd i Wasseralfingen. Allereie i ung alder var han interessert i song, musikk og kunst. Han spelte piano og var ein dyktig fotograf. Jooss starta dansekarriera si i 1920 som student hos den nyskapande koreografen Rudolf von Laban.

Jooss grunnla fleire ballettkompanier, blant dei Folkwang Academy i Essen. I koreografien blanda han klassisk ballett med teater. Gjennombrotet var verket Det grøne bordet (1932) i Rolf de Maré sin koreografikonkurranse . Verket gjorde han året før Hitler kom til makta for å vise at han tok avstand frå krig. Han fekk tidleg eit internasjonalt namn, men vart i 1933 tvungen til å flykta frå Nazi-Tyskland med dansegruppa etter at han nekta å avskjediga dei jødiske dansarane.

Ballet Jooss

[endre | endre wikiteksten]

Dansegruppa flytta til Storbritannia og tok namnet Ballet Jooss.[2] Ensemblet turnerte i Europa og Amerika til ut på 1950-talet. Den norske dansepioneren Gerd Kjølaas studerte hos Jooss og dansa i ensemblet hans i 1946-47.

Jooss vende i 1949 tilbake til Tyskland, der han var aktiv til han pensjonerte seg i 1968. Han døydde etter ei trafikkulykke i 1979.

  1. «Kurt Jooss | Modern Dance, Expressionism & Ballet | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 11. september 2024 
  2. Trust, Dartington (15. oktober 2019), «Kurt Jooss», Dartington Trust (på engelsk), henta 11. september 2024