Kuru Kuru Kururin
Kuru Kuru Kururin | |
Utviklar(ar) | Eighting |
---|---|
Utgjevar(ar) | Nintendo |
Komponist(ar) | Atsuhiro Motoyama |
Plattform(er) | Game Boy Advance |
Utgjeving | JP: 21. mars 2001 EU: 22. juni 2001 |
Sjanger | Hjernetrim |
Spelemodus | Einspelar, fleirspelar |
Kuru Kuru Kururin er eit hjernetrimspel utvikla av Eighting og utgjeve av Nintendo til Game Boy Advance. Det kom ut 21. mars 2001 i Japan og 22. juni same året i Europa, som ein lanseringstittel. Spelet var offisielt tilgjengeleg i Nord-Amerika først den 11. februar 2016 gjennom Virtual Console til Wii U. Kuru Kuru Kururin er den første tittelen i ein serie av tre dataspel, der dei to oppfølgjarane, Kururin Paradise og Kururin Squash!, berre har vorte gjevne ut i Japan.
I Kuru Kuru Kururin styrer spelaren ein sakte roterande pinneforma fargreie kalla Helirin og må manøvrere henne gjennom labyrintar utan å røre veggene. Spelaren kontrollerer retning og fart på fargreia, der utfordringa kjem av at ho roterer kontinuerleg. Ein kan samle inn bonusar, slå eigne rekordar og prøve å kome gjennom nivåa utan å støyte borti noko. Spelet stør også fleirspelar.[1]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «KuruKuru Kururin». Eurogamer. 7. juli 2001. Henta 2. juli 2019.