Kusma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Barn med kusma

Kusma (parotitis epidemica) er ein virusinfeksjon valda av kusmaviruset. Sjukdomen råkar særleg øyrespyttkjertelen framfor øyra. Andre spyttkjertlar kan òg verta råka, og dessutan bukspyttkjertelen og testiklane.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Sjukdomen råkar særleg born og unge menneske, og ein infeksjon kan seinare gje livsvarig immunitet. Kusma var tidlegare ein infeksjon som nesten alle born gjekk gjennom. I dag vert dei fleste borna vaksinerte mot kusma, slik at sjukdomen er vorten sjeldan i Noreg.

Sjukdomsutvikling og handsaming[endre | endre wikiteksten]

Kusma smittar ved dropesmitte. Inkubasjonstida er som regel to til tre veker, og pasienten vert rekna som smittefarleg så lenge pasienten har symptom. Sjukdomen byrjar med ei ålmenn uvelskjensle, deretter fylgjer feber og smertefull heving, vanlegvis av båe øyrespyttkjertlane. Hevinga varer i éi til to veker. Det finst inga kausal handsaming for kusma eller komplikasjonane.

Komplikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Det er ein føremon for gutar å få sjukdomen som barn, sidan 20-25% av unge menn som får kusma utviklar testikkelbetennelse. Om båe testiklane vert råka, kan sterilitet verta fylgja. Ein annan vanleg komplikasjon er godarta hjernehinnebetennelse. Ein sjeldnare og meir alvorleg komplikasjon av kusma er hjernebetennelse som kan gjera pasienten dauv.

Førebygging[endre | endre wikiteksten]

Kusmavaksine er med i det nasjonale vaksinasjonsprogrammet gjennom MMR-vaksinen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«kusma» i Store medisinske leksikon, snl.no. Henta 17. februar 2016.