Kvanndalstinden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kvanndalstindan)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kvanndalstinden
fjell
Kvanndalstind north face.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Område Rauma (Møre og Romsdal)
Høgd 1 744 moh.
Primærfaktor 170 m

Kvanndalstinden (1744 moh.) er eit fjell i Rauma kommune i Møre og Romsdal. Kvanndalstinden er ein spiss og relativt utilgjengeleg topp, omkransa av brear. Toppen vart først klatra av den britiske tindeklatraren William Cecil Slingsby, Charles Hopkins og Lars Jansen i 1885. Etterpå skal Slingsby ha karakterisert Kvanndalstinden som «det brattaste fjellet i Europa».

Fjellet har fleire alternative ruter til toppen. Den mest populære av desse er Vestryggen, som ofte vert klatra i samband med traversen over Venjetindan. På vestryggen finn ein òg den spektakulære pinakkelen Torshammeren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.