Kvantor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ein kvantor i matematikk er eit symbol nytta i matematisk logikk. Viss F(x) er det symbolske uttrykk for at utsegna x har eigenskapen F, skriv ein (∀x)F(x) for at x har eigenskapen F for alle x (vert lesen «For alle x gjeld F»). Viss det finst minst éin x som har eigenskapen F, skriv ein (∃x)F(x) (vert lesen «Det finst x slik at F gjeld»). Teikna ∀ og ∃ vert kalla høvesvis allkvantor og eksistenskvantor.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]