Kvotient

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kvotient (av latin quótus, 'som i ordninga') er resultatet av ein divisjon. Om \frac{a}{b}=c (b ulik 0) er c kvotienten, og vert stundom kalla «kvotienten mellom a og b» eller «forholdet mellom a og b».

Ved heiltalsdivisjon, der a, b, q og r er heiltal og 0 \le r <b gjeld

\frac{a}{b} = q + \frac{r}{b}

Her er q kvotienten og r vert kalla rest. Ein vanlegare skrivemåte i matematisk litteratur er a=b\cdot q+r\,.

Døme

\frac{7}{2}=3,\!5 , her er kvotienten 3,5.
\frac{7}{2}=3+\frac{1}{2} eller 7=2 \cdot 3 + 1\, , her er kvotienten 3 og resten 1 (heiltalsdivisjon).

Utanfor reint matematiske samanhengar vert omgrepet mykje nytta i tydinga «del» eller «andel». Det er frå denne tydinga at ordet kvotering har kome til. I informatikken vert òg omgrepet quota nytta.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]