Kyrfossen i Hordaland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kyrfossen
foss
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Ulvik
Elv Kyrelvi
Totalt fall 450 m
 - Lengste fall 360 m
 - Midla breidd m
Status Ikkje regulert
Kart
Kyrfossen i Hordaland
60°34′39″N 7°03′40″E / 60.57739°N 7.06113°E / 60.57739; 7.06113

Kyrfossen er den 32. høgaste fossen i Noreg ut frå totalt fall. Han ligg ved Osa i Ulvik herad i Vestland. Fossen har eit totalt fall på om lag 450 meter og det største fallet er 360 meter. Kyrelvi, som fossen er ein del av, er eit av dei få vassdraga i området som ikkje er regulert.

Ein ser best fossen frå anleggsvegen til Osafjellet. Vegen er ein bomveg.

Elva drenerer mindre isbrear og nedbørsfltetet på nordvestsida av det 1406 meter høge Kyrelvfjellet. Etter fossen renn elva ut i Austedøla som no er regulert i samband med vasskraftutbygginga Lang-Sima.

Vassmengda i elva er relativt liten og varierer med nedbør og snøsmelting.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]