Kystkultur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Skøyter og båtar var viktige for kommunikasjonen i kyst-Noreg. (Kystsogevekene 2008)

Kystkultur er eit samleomgrep for det som særpregar livet langs kysten. I Noreg vert omgrepet brukt og oppfatta på fleire ulike måtar: Ofte er det tenkt mest på livet og aktivitetane i tida før utjamninga av livsvilkåra skaut fart for alvor etter krigen. I ein del samenhengar kjem det fram meningar om at kystkultur er det som skjer på kysten no, medan kystkulturen i fortida er historie og folkeminne.

Kystkultur i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Fyrst i relativt ny tid er det semje om at livet langs kysten ikkje var likt livet innover i fjordane og innlandet elles. Allereie her er det uklårt kva som eigentleg er oppfatta som «kystkultur», då mange meiner at mykje av det som tidlegare føregjekk inne i fjordane, var kystkultur.

Det er no i gang innsamling av gjenstandar, arbeidsmetodebeskildringar, fortelljingar og anna, hovudsakleg av historisk art, som skal syne kva kystkulturen i fortida besto i. Kulturarrangement som Kystsogevekene og opprettinga av lokale museum i skjergardskommunar er ein del av dette.

Mykje arbeid blir også lagt ned i å ta vare på og restaurere båtar, bygningar, kulturlandskap, husdyrrasar og bruksgjenstandar samt føre kunnskap vidare ved å gje opplæring i gamalt handverk til nye generasjonar.

Fiskeri- og kystdepartementet har ei ordning med finansielle midlar til kystkultur sidan 2003. I 2011 vart det løyvd 9,25 millionar kroner.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]