Långsjön i Skälsätra-Tutviken

Koordinatar: 59°12′55″N 18°13′50″E / 59.21528°N 18.23056°E / 59.21528; 18.23056
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Långsjön i Skälsätra-Tutviken
innsjø
Land  Sverige
Del av Tyresåns sjøsystem
Kart
Långsjön i Skälsätra-Tutviken
59°12′55″N 18°13′50″E / 59.215277777778°N 18.230555555556°E / 59.215277777778; 18.230555555556
Wikimedia Commons: Långsjön, Skälsätra-Tutviken

Långsjön er ein avlang innsjø som dannar grensa mellom Skälsätra i Tyresö kommun og Tutviken ved Gudö i Haninge kommun, begge ein del av Stockholms län og landskapet Södermanland i Sverige. Innsjøen har eit overflateareal på 0,31 km², og ligg 18,9 meter over havet. Gjennomsnittsdjupna er fire meter, og innsjøen har eit volum på 1,29 millionar m³.

Innsjøen, viss eldre namn er Tutviken, inngår i Tyresån-vassdraget. Namnet Tutviken lever vidare i ein liten tettstad ved sørsida til innsjøen. Nesten midt i Långsjön ligg Solön. Omkring innsjøen, og då i størst grad på nordsida og i munningane i aust og vest, ligg fleire forsvarsinstallasjonar frå første og andre verdskrigen. Ved nordbreidda av innsjøen, i Skälsätra, har det vore ein eigen festplass med eigen dansebane, no omgjeve av villabusetnad.

Det vestlege tilløpet i innsjøen kjem frå Drevviken via Gudöån, og dreneringen mot aust skjer via Gammalströmmen til Tyresö-Flata. Vatnet frå innsjøen munnar til slutt ut i Kalvfjärden, som er ein del av Austersjøen.

Festningar ved Stockholm[endre | endre wikiteksten]

Overfor Gudöåns utløp i Langsjöns nordvestlege del ligg restane etter Måndalsfortet, eit u-forma og godt skjult forsvarsanlegg som ligg på ei låg klippe under Måndalshöjden. Måndalsfortet inngjekk i den Södra Fronten som vart anlagt like før og under første verdskrigen. Södra Fronten og Norra Fronten, òg kalla Korvlinjen, fungerte som viktig bindeledd innanfor festningsforsvaret av Stockholm. Eit av dei best verna anleggane er Måndalsfortet, som vart starta i 1903. Ytterlegare eit anlegg, det største av festningane, ligg nord for Gammalströmmen og øvst på Skälsätraberget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Långsjön i Skälsätra-Tutviken» frå Wikipedia på bokmål, den 15. juni 2012.
  • Södra Drefviken. Hur gammal bondebygd kring södra Drevviken stöptes om under början av 1900-talet, av Tord Bolander, Vendelsö Fastighetsägarförening, utg. 2002.
  • Fästningen Stockholm även kallad Korvlinjen, artikel av Tord Bolander, Glimtar från Haningebygda nr 4, 2008.

59°12′55″N 18°13′50″E / 59.21528°N 18.23056°E / 59.21528; 18.23056