Løkken Idrettsforening

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Løkken Idrettsforening er eit idrettslag heimehøyrande på Løkken Verk i Meldal kommune, skipa 21. november 1896. Laget er aktivt med i fotball, skiidrett, skøyter og tennis.

Løkken IF sine mest kjende utøvarar er, mellom andre, skihopparen Rudolf Kojan som var VM-deltakar i 1938 og i 1950, og skiskyttaren Hallvard Strand som hevda seg nasjonalt i skiskyting i 1980-åra. Internasjonalt kjende idrettsfolk som orienteringsløparen Stig Berge og skøyteløparen Jan Egil Storholt var ei tid Løkken-medlemer.

Fotballaget deltok 1964-67 og 1973-74 i 3. divisjon, avdeling Trøndelag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]