Jan Egil Storholt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jan Egil Storholt
Jan Egil Storholt.jpg
Fødd 13. februar 1949
Meldal
Jan Egil Storholt på Commons

Jan Egil Storholt (fødd 13. februar 1949) er ein tidlegare norsk skøyteløpar.

Storholt blei født i Trondheim, men voks opp i Bjørnli på Løkken Verk. Han høyrde til verdseliten på 1970-talet, og var ein av «de 4 S-ane» (dei andre var Sten Stensen, Amund Sjøbrend og Kay Stenshjemmet). Han vann gull på 1500-meter i OL i Innsbruck, og blei europamester i 1977 og 1979 (sølv 1980, bronse 1976 og 1978). Tre år på rad (1977, 1978 og 1979) kom han på sølvplass i VM, berre slått av Eric Heiden. I sin siste sesong (1981) tok han VM-bronse.

Storholt sette verdsrekord på 1500 meter og samanlagt (stor firkamp) i 1977. Storholt tok i alt åtte distansesigrar ved internasjonale meisterskap.