Løvlia Skistue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°05′27.0″N 010°25′30.0″E

Løvlia (2010)
Løvlia (2010)
Eit par gamle ski på veggen inne i hytta.

Løvlia Skistue er ei betent skistove nordvest på Krokskauen, eigd av Skiforeninga. Stova ligg 563 moh.

Skiforeninga starta bygginga av ein 300 kvadratmeter stor lafta tømmerbygning sommaren 1936 på Lauvlisetervollen og skistova vart opna 7. februar 1937. Løvlia er i dag ein populær utfartsstad og overnattingsstad med 63 sengeplassar og servering.

Det er heilårsveg fram til stova. Dei siste fem kilometrane er det bomveg. Han kan nyttast av overnattingsgjester mot betaling.

Stova ligg på det som var Lauvlisetervollen, ei seter med drift frå 1600-talet og fram til 1960-talet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]