Ladino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ladino kan òg bli bruka som namn på språket ladinsk i Nord-Italia — sjå ladinsk språk.


Ladino er namnet på ei språkform som er bruka i ordrette omsetjingar av religiøse tekster frå hebraisk og arameisk til spansk eller jødespansk. Karakteristisk for ladino er at kvart ord blir omsett direkte, og at setningsbygnaden dermed følgjer den hebraiske eller arameiske originalen.

I nyare tid — særleg etter andre verdskrigen — blir òg namnet ofte bruka som synonym for jødespansk som talespråk og sekulært skriftspråk.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]