Ladning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om krutmengda. For omgrepet i elektromagnetisme, sjå elektrisk ladning.

Ei ladning er den krut mengda som går med til å skyte eit prosjektil ut av eit skytevåpen. Storleiken vert avpassa etter utgangsfarten til prosjektilet, i lag med trykket som skytset toler. Ladninga vert ført inn i ladningsrommet, som er den bakarste delen av røyret, anten i ein karduspose av papir, tøy eller krut, eller i ei metallhylse.

Kardus vart først nytta i forladeskyts, så i eldre bakladeskyts, og vert framleis nytta ved skyts med stort kaliber. Hylseladning vert brukt meir i moderne skyts, særleg av dei mellomstore og mindre kaliber (under 15,5 cm). Ei patron, der prosjektilet og hylse med ladningar er pressa saman, vert vanlegvis nytta i våpen der det er krav til stod eldfart.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]