Hopp til innhald

Lakei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
To uniformerte tenarar ber mat til ein bankett halden av Charles V av Frankrike i 1378. Måleriet er frå midten av 1400-talet, då lakei-ordet tok til å bli brukt i Frankrike.

Lakei (frå fr. laquais, usikker tyding) er ein yrkestittel som gjennom tidene har hatt ulike tydingar.

Denne fint kledde tenaren som varter opp Jesus og displane under Den siste nattverden (Das Abendmahl, 1565) kan vera tenkt som ein lakei.

1400-talet kunne ein lakei vera ein type fotsoldat. Men frå midten av hundreåret fekk det ei anna tyding på fransk, og frå 1500-talet viste lakei som regel til ein tenar hos ein fyrste, konge eller annan høgtståande person som var kledd i livré (uniform). Lakeiar kunne til dømes varte opp ved måltid eller springe ærend. I same hundreåret fekk ordet «lakei» også ei tilleggstyding — det kunne visa til ein person som let seg styra av andre, som ein tenar. Etter kvart blei «lakei» eit skjellsord som kunne vise til ein uverdig spyttslikkar.

På 1900-talet blei ordet vanleg innan politisk sjargong om nokon som lèt seg bruke som reiskap for maktpersonar. Omgrepet blei særleg brukt slik av kommunistar.

Lakei i Noreg

[endre | endre wikiteksten]

I Noreg bruker berre kongehuset stillingstittelen. Kvalifikasjonar for å bli lakei kan vere fagbrev som kokk eller servitør med praksis frå hotell- og restaurantbransjen. På grunn av den doble tydinga har hoffet fått kritikk for at dei brukte denne stillingstittelen enno i 2007.[1]