Hopp til innhald

Lancaster i Lancashire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lancaster
by
Land  England
Region Lancashire
Distrikt Lancaster
Areal 10,85 km²
Folketal 52 660 (21. mars 2021)[1]
Postnummer LA1
Retningsnummer 0 1524
Kart
Lancaster i Lancashire
54°02′56″N 2°48′05″W / 54.048888888889°N 2.8013888888889°W / 54.048888888889; -2.8013888888889
Wikimedia Commons: Lancaster, Lancashire

Lancaster er ein by og det administrative senteret i grevskapet Lancashire i England. Han har kring 50 000 innbyggjarar og ligg ved elva Lune. Lancaster er ein busetnad i den større City of Lancaster, som totalt har kring 135 000 innbyggjarar og omfattar fleire andre byar, som Morecambe.

Lancaster har lenge vore eit senter for handel, kultur og utdanning og har gjeve namn til grevskapet det ligg i. Lancaster har fleire unike band til det britiske monarkiet. Huset Lancaster var ei grein av den engelske kongefamilien, medan hertugdømet Lancaster har store eigedomar på vegner av Elizabeth II, som sjølv er hertug av Lancaster. Lancaster har status som city sidan 1937 for den «langvarige tilknytinga til krona» og fordi han var «grevskapsbyen i hertugdømet til kongen»«.

Med ei historie basert på hamna og kanalen ved byen, er Lancaster ein gammal busetnad, dominert av Lancaster Castle. Her ligg òg Lancaster universitet og eit område av University of Cumbria.

Lancaster frå Lancaster Castle.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Lancaster i Lancashire