Land frå husdyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Land (norrønt hland) er urin frå husdyr som blir samla og brukt som gjødsel. I tradisjonelt norsk jordbruk skilde ein ut den flytande gjødsla frå den faste og samla henne i landkum. Land var rik på nitrogen og kalium.

I moderne husdyrhald, der avføringa gjerne er blautare enn ho var før, skil ein ikkje avføring og urin. Desse blir i staden brukte saman som blautgjødsel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bjørnå, Finn. «Land: gjødsel» (16. november 2014), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 12. januar 2015.