Langjökull


Langjökull er den nest største isbreen på Island etter Vatnajökull og har eit areal på 950 km². Han ligg vest i dei indre områda av Island, eller Det islandske høglandet og ein kan tydeleg sjå han frå Haukadalur. Breen ligg over to vulkanar.
Den høgaste toppen av breen er 1 360 moh.
To av dei større hovudvegane i området går langs breen: Kaldidalur og Kjölur. Kaldidalur går mellom Langjökull og isbreen Ok i vest, medan Kjölur går mellom Langjökull og Hofsjökull i aust.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Langjökull frå Engelsk Wikipedia .