Langskipet frå Hedeby hamn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hedeby 1 utstilt på Vikingemuseum Hedeby.

Langskipet frå Hedeby hamn, og kalla Hedeby 1, er eit skipsvrak som vart funne i hamna i Hedeby,som i dag ligg i Tyskland, like sør for grensa til Danmark. Det vart funne av dykkerar i 1953. Det vart utgrave i 1979-80. Utgravinga vart gjenomført med vasstette veggar, spunsveggar rundt vraket, som så vart tørrlagt.

Skipet, som etter dendrokronologiske undersøkingar er bygt i omlag år 985, er langt og uvanleg smalt. Det har vore om lag 30,9 meter langt og 2,7 meter breitt. Med eit forhold på over 11 mellom lengd og breidd er det det smalaste langskipet som er funne.

Langskipet er klinkbygd, med tildels lange og breie skipsbord av eik. Ein del av eikestammene som er brukte må ha vore meir enn 10 meter lange, med ein diameter på over ein meter. Oppbordinga har vorte noggrant og vakkert utført. Plankane er skøytte (skjerva) med dekorative tungelaskar. Båtsaumane er små og sit uvanleg tett. Dette var arbeidskrevjande både for smed og båtbyggar, men gjorde at borda kunne vere forhaldsvis tynne og lette. At skipet er så påkosta tyder på at det har tilhøyrt ein konge eller hovding.

Det har vore kort avstand mellom banda, berre 85 cm. Skipet har ikkje hatt tofter, men tiljedekk, der roarane truleg sat på robenkar. Ein trur at skipet har vore 30-sesse, med plass til 60 roarar. Skipet har hatt ei mast med rektangulært råsegl.

Det framgravne vraket ber spor av at det har vore brann om bord. Det har vorte tolka som at skipet har vorte påtent og sendt mot fiendar sine skip eller forsvarsverk for å sette dei i brann. Det ser ut som skipet har vore i god stand då det brann.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]