Aluminium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
13 MagnesiumAluminiumSilisium
B

Al

Ga
Aluminium i periodesystemet
Generelle eigenskapar
Namn, kjemisk symbol,
atomnummer
Aluminium, Al, 13
Kjemisk serie Metall
Gruppe, periode, blokk 13, 3, p
Tettleik, hardleik 2700 kg/m3, 2,75 (ikkje SI)
Utsjånad Sølvgrått
Aluminium
Atomeigenskapar
Atommasse 26,981538 u (ikkje SI)
Atomradius (berekna) 125 (118) pm
Kovalent radius 118 pm
Ioneradius 53 pm (ladning: +3)
van der Waals radius (?) pm
Elektronkonfigurasjon [Ne]3s23p1
Elektron per energinivå 2, 8, 3
Oksidasjonstrinn (oksid) +3 (amfotært)
Krystallstruktur Kubisk flatesentrert
Fysiske eigenskapar
Tilstandsform Fast stoff
Smeltepunkt 933,47 K (660,32°C)
Kokepunkt 2792 K (2519°C)
Molart volum 10,0 cm3/mol
Fordampingsvarme 293,4 kJ/mol
Smeltevarme 10,79 kJ/mol
Damptrykk 2,42·10-6 Pa ved 933 K
Ljodfart 5100 m/s ved °C
Diverse eigenskapar
Elektronegativitet 1,61 (Paulings skala)
Spesifikk varmekapasitet 900 J/(kg·K)
Elektrisk konduktivitet 37,7 MS/m
Termisk konduktivitet 237 W/(m·K)
Ioniseringspotensial 584 kJ/mol
1823 kJ/mol
2751 kJ/mol
11584 kJ/mol
14837 kJ/mol
18384 kJ/mol
23302 kJ/mol
27465 kJ/mol
31905 kJ/mol
38464 kJ/mol
42661 kJ/mol
Mest stabile isotopar
Iso-
top
Naturleg
førekomst
Halverings-
tid
 (ikkje SI)
NM NE MeV
(ikkje SI)
NP
26Al (kunstig) 717 000 år ε 4,004 26Mg
27Al 100% (stabil)
SI-einingar og STP er brukt unntatt der det er avmerka

Aluminium er eit metallisk grunnstoff med sølvfarga glans. I kontakt med luft vert eit tynt oksidasjonslag danna på overflata. Dette hindrar vidare korrosjon. Aluminium veg omtrent ein tredel av stål og kopar. I rein form har aluminium liten styrke. For det meste vert derfor aluminiumlegeringar som er smibare og lette å bearbeide nytta i maskiner og ved støyping. Aluminium har utmerkt korrosjonsmotstand og held lenge. Det er ikkje magnetisk.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Aluminium er det fjerde vanlegaste grunnstoffet på jorda. Det finst i store mengder i jordskorpa. Likevel ante ingen nokonting om eksistensen av dette grunnstoffet før Humphry Davy oppdaga det på 1800-talet. Dette nye, blanke metallet var lenge uhyre verdifullt; t.d. demonstrerte den franske keisarfamilien rikdomen sin gjennom å byta ut sølvtøyet sitt med bestikk av aluminium. Etterkvart som produksjon av aluminium auka i omfang gjekk prisen fort ned.

Aluminiumoksid framstilt frå bauxitt vert brukt til produksjonen. Amerikanaren Charles Hall og franskmannen Paul Héroult kom i 1886, uavhengig av kvarandre, fram til ein elektrolytisk prosess for framstilling av aluminium. Denne vert kalla Hall-Héroult-prosessen og er framleis i bruk. Kryolitt løyser aluminiumoksid ved ein temperatur som gjer industriell produksjon praktisk mogleg. Aluminiumion vert redusert til aluminiummetall ved katoden.

Prosessen er ikkje problemfri. Særleg utslepp av fluor har vore eit problem. I tillegg kan produksjonen føra til utslepp av svoveldioksid, tjøre, PAH og sot. Nyare teknologi reduserer desse problema. I tillegg er produksjonen energikrevjande.

I Noreg vert aluminium mellom anna produsert i Høyanger, Sunndalsøra, Karmøy, Husnes og Årdal.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]