Lars-Erik Larsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lars-Erik Larsson

Fødd15. mai 1908
FødestadBurlövs församling
Død27. desember 1986 (78 år)
DødsstadHelsingborgs Maria församling
FødenamnLars-Erik Vilner Larsson
OpphavSverige
Aktiv1926–1986
Sjangeropera, symfoni
Instrumentorgel
Verka somdirigent, komponist, musikkforskar, universitetslærar, musikkpedagog, musikkprodusent, organist
PrisarLitteris et Artibus, Atterbergpriset, Hugo Alfvénprisen, Christ Johnson Prize

Lars Erik Vilner Larsson (fødd 15. mai 1908 i Åkarp i Skåne, død 27. desember 1986 i Helsingborg) var ein svensk komponist.

Larsson tok organisteksamen i Växjö 1924 og studerte i perioden 1925-1929 ved Kungliga Musikhögskolan i Stockholm. Han heldt fram med studium hos Alban Berg i Wien og hos Fritz Reuter i Leipzig.

Då han vende tilbake til Sverige, vart han tilsett som repetitør ved Kungliga Teatern i Stockholm 1930-1931. Frå 1932 underviste han i musikk i Malmö og Lund. Han verka i perioden 1933-1937 som musikk-kritikar. Han var mellom 1947-1959 den første professoren i komposisjon ved Kungliga Musikhögskolan i Stockholm. Larsson var i perioden 1939-63 styreleiar i Föreningen Svenska Tonsättare, og nestleiar i perioden 1942-1947.

Larsson er mest kjend for sine orkesterverk, men skreiv òg kammermusikk, klaverstykker og romansar. Han skreiv musikk til 22 filmar og nokre slagermelodier. I norsk samanheng er han kjend som komponisten bak melodien til songen «Norge i rødt, hvitt og blått».

Utvalde verk[endre | endre wikiteksten]

  • Pastoralsvit (for kammerorkester) Op.19 (1938)
  • «Förklädd gud». Lyrisk suite for solistar, kor og orkester. Op.24 (1940), til tekst av Hjalmar Gullberg
  • Tolv concertini (for ulike soloinstrumenter og strykeorkester) Op.45:1-12 (1955-57)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]