Lars Bremnes (1916-)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For musikaren frå Svolvær, sjå Lars Bremnes.
Lars Bremnes
Fødd 1916

Lars Bremnes (f. 1916) er ein norsk fiskar, landhandlar, lokalpolitikar og organisasjonsmann frå BremnesByrknesøy i Gulen kommune. Han er gift med Inga.

Inga og Lars Bremnes styrte landhandelen på Bremnes, Bremnes Handel ei stund etter at dei tidlegare eigarane hadde flytt bort. Sidan Lars var mykje borte på fiske, fall mykje av arbeidet på Inga og borna. Men ettersom borna vart vaksne og flytte vekk, gav Lars og Inga Bremnes opp å driva landhandelen, og han vart lagt ned i 1964.

Lars Bremnes var medlem i styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag i 18 år, mykje av tida også nestformann. Bremnes var også medlem av styret i Sogn og Fjordane Fiskesalslag frå 1959 til 1981. Dessutan var han medlem av representantskapen i fiskesalslaget i mange år, også som ordførar. I tillegg har Lars Bremnes vore kommunestyrerepresentant og formannskapsmedlem i åtte år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]