Lars Gaute Bø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lars Gaute Bø

Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. november 1963 (60 år)
Varhaug
Yrke fotballspelar
Høgd 184 centimeter
Lars Gaute Bø på Commons

Lars Gaute Bø (fødd 20. november 1963) er ein tidlegare fotballspelar frå Varhaug i Rogaland som vart noregsmeister med Bryne Fotballklubb i 1987 og seriemeister med Viking Fotballklubb i 1991.

Bø var målvakt på Varhaug IL til 1985. Han melde seg då inn i 1. divisjons-klubben Bryne FK. I 1987 var han med då Bryne vann cupmeisterskapen etter å ha vunne 1-0 over SK Brann. Etter at Bryne rykka ned i 1988-sesongen melde han overgang til Viking FK. Sesongane 1989-92 var han fast målvakt i Viking, eit lag som i 1991 gjekk heilt til topps i eliteserien. Åra 1993-95 var Bø angrepsspelar i Varhaug. Frå 1996 til 2000 gjorde han atter teneste som målvakt i Viking.

Bø spelte ein landskamp for Noreg. Den 28. oktober 1987 tok han plass mellom stengene då landslaget tapte 1-3 i ein EM-kvalifiseringskamp mot Aust-Tyskland i Magdeburg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]