Lars Holen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lars Holen
Fødd27. januar 1912
Død23. august 1994 (82 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Lars Holen (27. januar 191223. august 1994) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Alvdal som representerte Hedmark og ArbeidarpartietStortinget frå 1965 til -77.

Holen var son til ein småbrukar og var sjølv gardbrukar frå 1931. Seinare var han også rekneskapsførar for Landbruksøkonomisk institutt frå 1954.

Under andre verdskrigen var Holen aktiv i motstandsrørsla, mellom anna var han med i Milorg. Frå 1947 til 1967 var han med i heradsstyret i Alvdal, varaordførar 1960-63 og ordførar 1964-67.

Frå hausten 1965 til 1977 var Holen stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet og heimfylket. Dei to fyrste sesjonane var han med i Protokollkomiteen. Frå 1967 til mars 1971 var han medlem i Landbrukskomiteen. I samband med at den fyrste Bratteli-regjeringa vart etablert, tok Holen over som sekretær i den same komiteen, ein posisjon han hadde resten av stortingsperioden. Tingbolken 1973-77 var han medlem i Samferdslekomiteen.

Holen var nestformann i Norsk Bonde- og Småbrukarlag i 1967–1972. Han var medlem i fleire offentlege råd og utval, til dømes Statens korn- og kraftforråd 1968-86, utvalet av 1970 som vurderte reglane for bruk av omsetningsavgifta, utvalet av 1972 til å utgreie behovet for regulering av motorisert ferdsel i utmark og utvalet av 1972 til revisjon av jordskiftelova. Frå 1977 til -83 var han styreleiar i Norsk Tipping A/S.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]