Lars Inge Terum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lars Inge Terum
Fødd19. september 1952
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor
InstitusjonarHøgskolen i Oslo og Akershus
Høgskolen i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo

Lars Inge Terum (fødd 19. september 1952) er professor ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Han er tidlegare leiar av Senter for profesjonsstudier (SPS) ved Høgskolen i Oslo.

Terum har hovudfag i samfunnsvitskap frå Universitetet i Tromsø (1982) og doktorgrad (dr.philos.) frå det samfunnsvitenskaplige fakultet, Universitetet i Oslo (1996).

Lars Inge Terum arbeidde i perioden 1982-1998 som forskar ved INAS/NOVA, førsteamanuensis ved Norges kommunal- og sosialhøgskole og dosent II ved Høgskolen i Lillehammer. I 1998 vart han tilsett som professor ved Høgskolen i Oslo, med oppgåve å leie etableringa og oppbygginga av eit senter for profesjonsstudium. Frå 2008[1] til 2013 var Terum professor II ved Høgskulen i Volda.

Lars Inge Terum voks opp i Ålvik og Øystese i Hardanger.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kristian Fuglseth (08.12.2009 13:15), Professor Lars Inge Terum tilbake til Volda, Høgskulen i Volda 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]