Larsen Cognac

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Larsen Cognac Drakkar 1985
Larsen Cognac VS

Larsen er eit konjakkhus. Dei har ikkje eigne vinmarker, så dei er ein negociant.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Huset vart grunnlagt av nordmannen (frå Tromsø) Jens-Reidar Larsen i 1926. Han flytta til Bordeaux i 1919, 24 år gammal, for å jobbe med vin og brennevin. Han hadde opphavleg planar om å bli i Bordeaux, men slo seg etter kvart ned i byen Cognac da hans lidenskap for konjakk auka. Han arbeidde først for konjakkhuset Prunier, der han m.a. selde konjakk til norske apotek. Seinare kjøpte han det lille konjakkhuset Joseph Gautier (1926), og lanserte sitt eige merke; Larsen. Heilt frå starten av nytta han vikingskipmotivet (drakkar) i marknadsføringa. Slagordet var då òg «Le Cognac des vikings». Han produserte òg akevitt i starten, etter ei gammal norsk oppskrift, men denne drikken fall ikkje i smak hos franskmennene.

Jens-Reidar Larsen gifta seg med ei kvinne frå Cognac, og saman fekk dei sonen Jean, som seinare overtok huset og lykkast veldig godt, særleg med eksporten. Jeans søner Frédéric og Nicolas Larsen har no tatt over drifta. Grunnleggaren sjølv døydde i 1980.

Dei kjøper berre konjakk frå andre vinbønder, men blandar sjølv. Deira spesialitet er flaskene som er forma som vikingskip, ei marknadsføring som har slått an godt, særleg i Skandinavia. Dette starta dei med rundt 1950.

Produkt[endre | endre wikiteksten]

Larsen Cognac[endre | endre wikiteksten]

  • VS Viking’s Cognac
  • VSOP
  • Leif Eiriksson
  • Très Vieille Fine Champagne – gjennomsnittleg over 35 års fatlagring
  • Napoleon – gjennomsnittleg 15 års fatlagring, henta frå Grande Champagne, Petite Champagne og Fins Bois
  • XO – henta frå Grande Champagne og Fins Bois
  • Arctic XO – gjennomsnittleg over 20 års fatlagring
  • Viking Shield – Fine champagne med gjennomsnittleg 7 års fatlagring
  • Viking Ship – Fine champagne med gjennomsnittleg 7 års fatlagring
  • Golden Viking Extra – gjennomsnittleg over 25 års fatlagring, henta frå Grande Champagne, Petite Champagne og Borderies
  • Extra Reserve – Fine Champagne
  • Viking Bell – berre i taxfree-butikkar, flaska er forma som ei lita skipsklokke
  • XO Extra d’Or – gjennomsnittleg over 20 års fatlagring, henta frå Grande Champagne, Petite Champagne og Fins Bois
  • Svalbard-cognac – et avgrensa opplag på 1500 flasker som vart sleppt i 1991.

Pineau[endre | endre wikiteksten]

I tillegg lagar dei òg Pineau des Charentes.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]