Hopp til innhald

Latebladgilet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Latebladgjelet)
Latebladgilet
gjel
Latebladgjelet sett frå toppen ned mot fjorden.
Kart
Latebladgilet
61°12′00″N 6°02′37″E / 61.20005°N 6.04354°E / 61.20005; 6.04354

Latebladgjelet, eller Latebladgilet, ligg i Bergsstronda naturreservat i Høyanger kommune.

Gjelet har ein gamal svært bratt og umerka sti med parti der klatring er nødvendig. Denne kan berre gåast av svært røynde fjellfolk. Denne stien blei brukt for å kommer frå Høyanger til stølane på Karthaugane. Før vegen mellom Høyanger og Bergsvika var ferdig i 1935 var dette einaste ferdande stien mellom Nordeide eller Berge til Høyanger i dårleg ver når ein ikkje kunne bruke robåt eller rutebåt.

Gjelet starter ved fjorden og ender mellom Nipene om lag 580 moh. Nordsida av gjelet har ein vertikal bergvegg som i lange parti er mellom 100 og 150 meter høg. Gygrehovedet er ein fjellformasjon øverst i gjelet.