Høyanger kommune
61°13′N 6°4′E / 61.217°N 6.067°E
| Høyanger kommune | |||
| kommune | |||
Kommunesenteret Høyanger | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Vestland | ||
| Adm.senter | Høyanger | ||
| Areal | 1 003,04 km² | ||
| • land | 930,67 km² | ||
| • vatn | 72,37 km² | ||
| Folketal | 3 883 (1. januar 2026) | ||
| Målform | nynorsk | ||
| Ordførar | Petter Sortland (Ap) | ||
| Kommunenr. | 4638 | ||
![]() Høyanger kommune 61°11′17″N 5°53′44″E / 61.188055555556°N 5.8955555555556°E | |||
| Wikimedia Commons: Høyanger | |||
| Nettstad: www.hoyanger.kommune.no | |||
Høyanger er ein kommune i Ytre Sogn i Vestland fylke.
Tettstader
[endre | endre wikiteksten]Kommunesoge
[endre | endre wikiteksten]Høyanger kommune vart oppretta 1. januar 1964 ved at kommunane Lavik og Kyrkjebø vart slegne saman. I tillegg vart garden Nybø og bruket Nygjerdet overførte til Høyanger frå Vik kommune.[1] I grove trekk fekk Høyanger kommune same grensene som det Lavik (Ladevig) formannskapsdistrikt hadde då det vart oppretta i 1837, men Bø sokn, som høyrde til Lavik i 1837, høyrer no til Hyllestad kommune, og området lengst vest på sørsida av fjorden, frå og med Ytre Tredalen og til Åkre, som hadde høyrd til Evenvik formannskapsdistrikt (Gulen kommune) i 1837, kom med i Høyanger kommune i 1964.[2]
Folketalsutvikling
[endre | endre wikiteksten]Folketalsutvikling for noverande Høyanger kommune frå 1920:
| 1.12.1920[3] | 1.12.1930[4] | 3.12.1946[4] | 1.1.1951[5][6] | 1.1.1961[5][6] | 1.1.1971[5] | 1.1.1981[5] | 1.1.1991[5] | 1.1.2001[5] | 1.1.2010[5] |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 3630a | 5048a | 5844a | 5666a | 5512a | 5404 | 5033 | 4835 | 4653 | 4256 |
- a Talet omfattar ikkje området rundt garden Nybø og bruket Nygjerdet, som var del av Vik kommune fram til det vart overført til Høyanger kommune ved kommunesamanslåinga i 1964. Dette området hadde då ingen innbyggjarar.
Høyanger sokn
[endre | endre wikiteksten]
Høyanger er eit kyrkjesokn i Sunnfjord prosti. Soknet vart oppretta 1. januar 1997, fram til då hadde området høyrd til Kyrkjebø sokn.[7] Soknet har ei kyrkje, Høyanger kyrkje som er frå 1960 og står i kommunesenteret Høyanger. Før kyrkja vart bygd vart fyrst klasserom på skulen, og sidan bedehuset, brukt som interimkyrkje.[8]
Næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Ein vinn ut aluminium ved aluminiumsverket til Norsk Hydro.[9]
Kjende personar frå Høyanger
[endre | endre wikiteksten]- Gunnar S. Gundersen, avdød kunstnar, voks opp i Høyanger
- Rolf Sagen (d. 2017), forfattar, grunnleggjar av Skrivekunstakademiet i Bergen
- Einar Førde (d. 2004), journalist, politikar for Arbeidarpartiet og kringkastingssjef for NRK.
- Marit Tusvik forfattar, diktar og dramatikar
- Erna Osland, forfattar
- Tell Teigen (d. 1958), akrobat
- Frode Søreide, programleiar
- Ivar Orvedal, lyrikar som voks opp i Måren
- Erling Norman Berge, oppfinnar av Berge grasfordeler
Venskapsbyar
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen på nettstaden til Statistisk sentralbyrå
- ↑ «Kommunehistoria i Høyanger» på NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon
- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- 1 2 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- 1 2 3 4 5 6 7 Folkemengd i Kyrkjebø/Høyanger 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- 1 2 Folkemengd i Lavik 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Høyanger kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- ↑ «Høyanger kyrkje» på NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon
- ↑ Geir Ivar Ramsli (22. mars 2018). «Metallverket i Høyanger fekk pris for nyskapande løysingar». Firda. Henta 28. september 2019.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Høyanger kommune
- Eldre fotografi frå Høyanger på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
- Om Høyanger sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- Thorsnæs, Geir; Askheim, Svein. «Høyanger». Store norske leksikon (på norsk).
- Oversikt over kommunale arkiv frå Kyrkjebø kommune i perioden 1862-1965
- Oversikt over kommunale arkiv frå Høyanger kommune i perioden etter 1964
Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |

