Bergsstronda naturreservat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bergsstronda naturreservat sett frå Ytre Berge
Stuvealm som ikkje har vore stuva sidan 1950. Står i blandingskog av alm, hassel, eik og lind.

Bergsstronda naturreservat i Høyanger kommune i Vestland fylke vart oppretta ved kongeleg resolusjon desember 2020.[1]

Naturreservatet dekker eit totalareal på om lag 1077 dekar.[1] Det strekk seg langs nordsida av Høyangsfjorden frå Furehaugen til Stopulen og er representativ for rik edellauvskog i fjordliene kring midtre Sognefjord. Her er alm og lindeskog med variert alder, og med av andre lauvtre som eik, hegg, hassel, svartor, gråor og rogn.

Frå tilråding til Klima og miljødepartementet september 2020:[2]

Verneformål og særskilte verneverdier
Føremålet med naturreservatet er å ta vare på ein bestemt type natur i form av rik edellauvskog representativ for fjordliene kring midtre Sognefjord. Alm- lindeskog med variert alder dominerer som skogutforming. Men det er også innslag av andre lauvtre som eik, hegg, hassel, svartor, gråor og rogn.
Området utgjør en 4 kilomter lang sør- og sørøstvendt edellauvskogsli i Høyangsfjorden, som er en nord-/østgådene sidefjord til Sognefjorden. Området grenser ned til fylkesveg 55 og mot fjorden i nedkant og bratte skrenter og stup i overkant. Store deler av området ligger i rasmark, med vekslende substrat mellom grovere og finere rasmark. Området består primært av rik edellauvskog representativ for fjordliene i områdene rundt midtre Sognefjorden. Alm- lindeskog med variert alder dominerer skogutformingen. Lind og alm (VU) varierer mellom å dominere, men det er også innslag av andre lauvtrær, som eik, hegg, hassel, svartor, gråor og rogn. Hassel vokser i hele området. Enkelttrær er gamle, de groveste trærne er almer.
Bunnsjktet består av typiske edellauvskogsartar, stedvis med mye bregner, der skogburkne og ormetelg dominerer. I friskare parti er det mye storfrytle. Der feltsjiktet er utvikla, har ein myske, brunrot, gaukesyre, stankstorknebb, trollbær, kvitsoleie og vivendel. På partier langs gamlevegen forbi tunnelen vokser krossved og vivendel. Ein finn høgvokste grasartar, både skogsvingel og lundgrønnaks, og mer alminnelige artar som hundegras og hundekveke.

Tidlegare vart delar av området nytta som utslåtter, lauving og til vedhogst. Ein kan framleis sjå enkelte stuealmer. Natureservatet er oppretta ved frivillig vern.

Naturreservatet inneheld Almbotnekleiva, Stopulen og Latebladgjelet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]