Laukkuppel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Laukkuplar på Stroganov-kyrkja i Nizjnij Novgorod.

Laukkuppel er ein utbulande kuppel med form som ein omvend lauk. Stilen er kjend frå muslimsk arkitektur og ein del kyrkjestilar, ikkje minst russiske kyrkjer. Her er kuppelen vanlegvis laga av tre og tekka med spon eller beslag.[1]

I Noreg finn ein laukkuplar på Alstahaug, Dønnes og Bodin kyrkje i Nordland.[1]

Han finst også på fleire spir i Danmark frå barokken, som Nørup kyrkje, Korning kyrkje og Bredsten kyrkje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Rygh, Per (26. mars 2021). «løkkuppel». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Laukkuppel
Spire Denne arkitekturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.