Lauparen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lauparen
fjell
LauparenfraaLauparlaegda.jpg
Lauparen sett frå den vestlege naboen Lauparlægda
Land Flag of Norway.svg Noreg
Område Ørskog, Vestnes og Stordal (Møre og Romsdal)
Fjellkjede Halvøya mellom Romsdalsfjorden
og Storfjorden
Høgd 1 434 moh.
Primærfaktor 801 m

Lauparen (1434 moh.) er ein fjelltopp i møtepunktet mellom kommunane Vestnes, Ørskog og Stordal. I nord ligg Tresfjord i Vestnes, i vest Vaksvika i Ørskog, og i søraust fjelldalen Jasvollbotnen i Stordal. Beste ruta går opp den bratte men elles greie sørsida. Dit kjem ein lettast frå vegen på fjellovergangen mellom Vaksvika og Tresfjord.

Med sin posisjon lengre ute på halvøya mellom Romsdalsfjorden og Storfjorden enn andre fjell av tilsvarande høgde er Lauparen godt synleg mange stader i midtre og ytre strok i distriktet.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.