Laurent Gbagbo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Laurent Gbagbo
Laurent Gbagbo (2008).jpg
Fødd31. mai 1945 (75 år)
Gagnoa
Statsborgar avElfenbeinskysten
PartiFront populaire ivoirien
Yrkepolitikar, skribent, universitetslærar
Utdanna vedUniversité Paris-Diderot
Université de Lyon
EktefelleSimone Gbagbo, Nady Bamba
BarnMichel Gbagbo

Laurent Gbagbo (fødd 31. mai 1945) er ein ivoriansk politikar. Han var president i Elfenbeinskysten frå 2000 til han blei arrestert i 2011. Gbagbo skulle eigentleg ha gått av då han tapte presidentvalet til Alassane Ouattara i november 2010. Då han nekta å gje frå seg makta, førte dette til valdeleg opprør, på grensa til borgarkrig i Elfenbeinskysten.

Unge år[endre | endre wikiteksten]

Gbagbo voks opp i delstaten Gagnoa i Elfenbeinskysten. Han utdanna seg til professor i historie, og viste seg som motstandar av regimet til den dåverande presidenten Félix Houphouët-Boigny. Frå 1971 til 1973 sat Gbagbo i fengsel for meiningane sine. Etter dette tok han doktorgrad ved Université Paris Diderot i Paris, og blei direktør for instuttet for historie, kunst og afrikansk arkeologi ved Universitetet i Abidjan i 1980.

Kandidat for FPI[endre | endre wikiteksten]

President Laurent Gbagbo i oktober 2007.

Etter ein fagforeiningskarriere gjekk Gbagbo i eksil i Frankrike i 1982 og blei der til 1988. Det året vendte han attende til heimlandet og vart vald til generalsekretær for partiet Ivorian Popular Front (FPI). I 1990 stilte Gbagbo til val, og då fleirpartisystemet nett var innført, var han den einaste alternative presidentkandidaten til Houphouët-Boigny. Han fekk 18 % av stemmene i det valet. Same året vart han røysta inn i nasjonalforsamlinga saman med åtte andre FPI-medlemer. I 1992 vart han igjen dømd til fengselsstraff for å hissa til opptøyer, men vart lauslaten seinare same året.

Valet i 2000[endre | endre wikiteksten]

I 1993 døydde president Félix Houphouët-Boigny, og overlét makta til Henri Konan Bédié. Han vart sitjande fram til 1999, då Robert Guéï tok makta ved eit kupp. Gbagbo stilte som presidentkandidat i valet i 2000. Guéï hadde nekta både Alassane Ouattara og Henri Konan Bédié å stilla til val, og Gbagbo vart difor einaste verkelege alternativ. Guéï utropte seg sjølv til valvinnar, men Gbagbo meinte at det var han som var vinnar, med 59,4 % av stemmene. Det braut ut opprør i Abidjan, Guéï flykta og Gbagbo vart president i år 2000.

Borgarkrig og nytt val[endre | endre wikiteksten]

I 2002 forsøkte eit nytt kupp å ta makta frå Gbagbo, men misluktest. I kjølvatnet av dette braut borgarkrigen i Elfenbeinskysten ut. På grunn av krigen vart neste presidentval stadig utsett, og vart ikkje halde før i november 2010. Alassane Ouattara vann med 54 % av stemmene, men Gbagbo skuldar på valfusk. Internasjonale observatørar meiner derimot at valet var rettferdig. Etter dette har det brote ut uro og valdshandlingar i Elfenbeinskysten, på grensa til borgarkrig. Mange aktørar har vore involvert.

Den 11. april kom meldinga om av Laurent Gbagbo hadde vorte pågripen av franske spesialstyrkar.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]