Lauritz Haaland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Skip langs kysten, 1908
Fiskere ved Kvitsøy, 1886

Lauritz Haaland (12. november 185527. juni 1938) var ein norsk målar. Han var fødd på Kvitsøy i Rogaland. Han var utdanna som skipsbyggar i Bergen, men vart etter kvart meir oppteken av biletskapande arbeid. Han fekk undervisning på Knud Bergslien sin målarskule og Den Kongelige Malerskole i Oslo. Han drog på ulike studiereiser i Europa.

Haaland var representert ved mange utstillingar, mellom anna haustutstillinga i 1884–1891, Chicagoutstillinga i 1887 og Fiskeriutstillinga i London 1893. Der fekk han sølvmedalje. Haaland er i dag representert i fleire biletgalleri og sjøfartsmuseum i Noreg. Han selde bilete til Tyskland, England, Frankrike og Amerika.

Haaland var ein meister i å skildre sjø og hav under alle vêrtypar. Skutene han måla er svært korrekt og nitid attgjeve. Måleria har funne vegen til mange sjøfartsmuseum som døme på ulike skipstypar. Haaland har som marinemålar hatt svært mykje å seie reint kulturhistorisk. Han har gjennom måleria sine skildra dei forskjellige fiskeria, fartøytypar, hustypar, natur og livet mellom kystfolk rundt hundreårsskiftet på ein framifrå måte.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lauritz Haaland

Kjelder[endre | endre wikiteksten]