Kvitsøy kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvitsøy kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Rogaland
Adm.senter Ystabøhamn
Areal 6,29 km²
 - land 6,28 km²
 - vatn 0,01 km²
Folketal 544  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Kjell André Nordbø (B)
Kommunenr. 1144
Kart
Kvitsøy kommune
59°3′44″ N 5°24′42″ E
Wikimedia Commons: Kvitsøy
Nettstad: www.kvitsoy.kommune.no

Kvitsøy er ein kommune, eit kyrkjesokn og ei øygruppe utanfor Stavanger i Rogaland fylke.

Dei 365 øyar, holmar og skjer er til saman 5,73 kvadratkilometer. Kommunen vert omgjeve av dei ytre delane av Boknafjorden. Mot nord ligg Karmøy og Bokn, mot aust Rennesøy og Randaberg.

Fire av øyane har fastbuande, opphavleg var her seks gardar med krøtter. Det finst to større busetnader, og dei ligg ved tidlegare fiskehamner: Ystabøhamn i vest og Leiasundet i aust.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Steinkross i storleik 3,90 * 1,87 meter, navigasjonsmerke og kristent symbol reist mellom 800 og 1050 e.Kr.
Foto: Roar Johansen
Bustadhus ved Ydstebøhamn.
Foto: Roar Johansen

Kvitsøy ligg midt i skipsleia og ho var tidleg ein viktig møteplass. Erling Skjalgsson og Olav Haraldsson hadde fredsmøte her i 1016 og gjorde semje om fred. Eit anna fredsmøte hende i 1208baglerkongen Filippus Simonsson og birkebeinarleiaren Inge Bårdsson gjorde «kvitsøysemja» om kven som skulle styre i Vika.

Den første kyrkja, St Clemens-kyrkja vart truleg bygd samstundes med Stavanger domkyrkje. I dag er kyrkjeruinane ein låg haug ved Leiasund rett nord for steinkrossen på Krossøy. Ei ny kyrkje i tømmer, Kvitsøy kyrkje vart bygd i 1620.

Kvitsøy sokn er såleis eldgammal, men den vart eigen kommune først i 1923.[1]

I kommunen kom det ein stor radiosendar i 1982, eit sendeanlegg for sendingar på kortbølgje- og mellombølgje. Radiosendaren vart omtala som «Kvitsøysendaren» eller som «Kvitsøy kringkastar», men er allereie historie ettersom kortbølgje- og mellombølgjesendarane var lagt ned i 2004 høvesvis 2006.

Sendaren er ikkje lagt ned heilt. Det er fortsatt litt drift via sendaren, men i betydeleg mindre grad enn tidlegare.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var fangst av sild, mort og hummar viktige levevegar. Hummarfisket hadde stor verdi frå starten på 1800-talet til ca 1955. I dag er mange tilsette i småindustri, på Kvitsøy trafikksentral og i kommunen. Trafikksentralen kom i 2003, erstattar lósstasjonen og syter for tryggleik på havet frå Ryvarden til Jærens rev.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kvitsøy kommune