Lavik og Brekke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Lavik og Brekke var frå 1861 til 1905 ein kommune i Sogn og Fjordane fylke. Kommunen vart skipa ved at kommunane Brekke og Lavik vart slegne saman. Ved skipinga budde det 898 personar i Brekke og 926 i Lavik.[1] Året etter, i 1862, vart sokn skild ut frå Lavik og Brekke kommune for å gå med i den nye Hyllestad kommune som då vart oppretta.[2]

I 1875 vart ein del av Kyrkjebø (som då heitte Klævold), nabokommunen i aust, overført til Lavik og Brekke kommune.[1] Frå 1. januar 1905 vart Lavik og Brekke kommune deld i to att, og Lavik og Brekke var igjen to sjølvstendige kommunar.[1] Frå 1964 har Lavik vore del av Høyanger kommune, og Brekke av Gulen kommune.[1]

Ordførarar[endre | endre wikiteksten]

Årstal Ordførar Yrke
1859-62 Peder Fredrik Hartwig Kaptein
1863-73 Lasse Ellingsen Kyrkjesongar
1873-77 Peder Fredrik Hartwig Kaptein
1878-83 Matias Ellingsen Kyrkjesongar
1884-89 Mons H. Oppedal Bonde
1890-1901 Lasse J. Wergeland Bonde
1902-04 Berge Instefjord Lærar

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]